Dei vart kåra til beste elevbedrift

– Dette hadde me ikkje trudd, men det er veldig gøy.

Årdal: Sorrihop vart torsdag kåra til beste elevbedrift på entreprenørskapsmessa i Årdal.

– Me har strikka og tova tøfler og panneband. I tillegg har me farga om gamle ullteppe, sydd om til puter og laga nåleputer. Dessutan har me kjøpt inn ei maskin som lakkar negler og gir kvalitet. Dette har me stått utanfor ein butikk i Vik og seld, fortel Anna Mahima Kløve.

Sjå bilete frå entreprenørskapsmessa i galleriet øvst i artikkelen.

Saman med Ingrid Kleven, Synnøve Espeland og Johanne Brudevold frå Vik vart dei kåra til årets elevbedrift.

– Engasjerte og kunnskapsrike

Torsdag fekk dei utdelt det synlege beviset frå dagleg leiar i Årdal Næringsutvikling, Terje Laberg, og ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid.

– Bedrifta har høg kvalitet på alt dei har jobba med og vore innom mange område, samt lagt ned stor innsats i bedrifta si. Dei har vore flinke på produktdesign, hatt fokus på gjenbruk, jobba med eigenproduksjon og funne eit godt namn på bedrifta, som attspeglar kva dei eigentleg driv med.

– I tillegg tenar dei pengar, som er viktig i dagens samfunn. Dei er veldig engasjerte og kunnskapsrike, heiter det i grunngjevinga frå Laberg, som var med i juryen. 

Fekk hjelp frå lærar

Jentene sjølv seier dei i utgangspunktet var litt usikre på kva dei skulle drive med, men etter tips frå ein lærar, kom dei i gong.

Les også: – Utruleg kjekt å vera her

– Me var veldig i tvil, men så kom ein lærar med forslag om å driva med handarbeid. Me fekk litt hjelp av ho, så me gjekk for det og tok med neglelakk og andre ting, forklarar Kløve.

– Kjekt å vise fram bygda

Over 600 elevar frå Sogn var samla i Årdalshallen torsdag for å syne fram sine elevbedrifter. Til slutt skulle den beste kårast, men det var også fem andre prisar som skulle delast ut. Sjekk resultatet i faktaboks.

Det er Sogn regionråd som arrangerer entreprenørskapsmessa, og dette var åttande gongen messa vert arrangert. Årdal-ordførar, Lægreid, synest det er kjekt å ha så mange unge i bygda.

– Det er voldsomt kjekt. Det er det ingen tvil om. Det er kjekt å kunne visa dei industrien og næringslivet vårt, slik at dei får sett det med eigne augo. Eg trur det har større betydning enn å høyra om Årdal, seier ordførar i kommunen Arild Ingar Lægreid.

– I tillegg har ein dette med å sjå moglegheitane i Årdal med eit utdanningsløp som kan ende med lærekontrakt og arbeid i industrien, legg han til. 

Spennande bedrifter

Også ordførarane i dei andre kommunane i Sogn var tilstades. Jarle Aarvoll, ordførar i Sogndal, skildrar dette som dei beste møta dei har i regionrådet.

– Dette er det kjekkaste møtet me har i Sogn regionråd. I år er det Årdal sin tur, og me har fått ei strålande opning. No har me gått rundt og sett på bedriftene. Det er utruleg mykje spennande og kreativt som ein gong i framtida vil bli noko spennande innanfor næringsutvikling, seier Sogndal-ordførar Jarle Aarvoll.

Til toppen