SPACE STAR: I Noreg heiter denne bilen Mitsubishi Space Star, og er av dei aller billigaste på marknaden. Foto: Produsenten.
SPACE STAR: I Noreg heiter denne bilen Mitsubishi Space Star, og er av dei aller billigaste på marknaden. Foto: Produsenten.

Dei verste bilane

Amerikanske Consumers Report har nyleg publisert si årlege liste over dei dårlegaste nye bilane som vert selde i USA. Mange av dei finst også hos norske forhandlarar.

Consumers Report har drive med forbrukartesting sidan 1936. Den årlege lista over dårlege bilar er basert på Consumers Reports heilskapsvurdering, som inkluderer eigne testar, pålitelegheit, tilfredse kundar og sikkerheit.

Dette er bilar som er til sals i USA, men dei fleste av dei er også tilgjengelege i Europa og Noreg. Men ein skal ta høgde for at bilane ikkje nødvendigvis er heilt identiske på begge sider av Atlanterhavet.

Consumers Report har delt bilane inn i ti kategoriar, der ikkje alle er like relevante for det norske marknaden

Dårlegaste småbil: Mitsubishi Mirage

I Noreg vert denne selt som Mitsubishi Space Star, og er ein av dei aller billigaste bilane ein kan kjøpe, med ein startpris på 147.000 kroner. Undersøkinga trekker fram ein bråkete tresylindra motor og kleine køyreeigenskapar.

– Når alt kjem til alt, er det ingen fornuftig grunn til å kjøpe ein Mirage, og for den prisen er det mange bruktbilar som er betre, skriv Consumers Report.

Dårlegaste kompakte elbil/hybrid: Mitsubishi i-MiEV

– i-MiEV er ein av dei billigaste heilelektriske bilane på marknaden, men du kjem betre ut av det med å kjøpe ein annan elbil enn denne, skriv Consumers Report.

Dei meiner bilen er underutvikla, treig og klumsete og med eit dårleg interiør. Undersøkinga trekker også fram at det tar lang tid å lade bilen, og at rekkjevidda er snau.

Her tilrådast det å gå for ein Nissan Leaf i staden.

Dårlegaste kompaktbil: Fiat 500 L

Denne bilen skal ha pålitelegheit som er «langt under snittet.»

Consumers Report seier han er romsleg innvendig og tar svingar på ein fin måte, men at han fekk eit elendig testresultat på grunn av harde demparar, flate sete og ei merkeleg køyrestilling.

Tilbakemeldinga frå kundar er at ein høg prosentdel ønskjer at dei ikkje hadde kjøpt denne bilen.

I Noreg har importøren slutta å ta inn 500 L.

Artikkelen held fram under biletet.

STOR 500: Fiat lagar fleire forskjellige modellar som brukar 500-namnet. 500 L blei lansert i 2012. Den norske importøren har slutta å ta han inn til Noreg.
STOR 500: Fiat lagar fleire forskjellige modellar som brukar 500-namnet. 500 L blei lansert i 2012. Den norske importøren har slutta å ta han inn til Noreg.

Dårlegaste mellomstore sedan: Chrysler 200

Dette er eit merke som ikkje har vore forhandla i Europa, bortsett frå Storbritannia, sidan 2009, og sånn sett er 200-modellen ytst lite relevant for norske kundar.

– Han køyrer som om han kom frå førre generasjon, seier Consumers Report, og trekker fram Kia Optima som den beste bilen i kategorien.

Dårlegaste kompakte pickup: Toyota Tacoma

Ein kategori som ikkje har så stort nedslagsfelt i Noreg. Uansett så finn Consumers Report bilen altfor primitiv. Haldbarheita skal heller ikkje vere særleg god. Tacoma vert ikkje selt her til lands.

Dårlegaste mellomstore SUV: Dodge Journey

Blei seld i Norgeg, som Fiat Freemont, mellom 2012 og 2015 i til saman 74 eksemplar, ifølgje tal frå Opplysningsrådet for Veitrafikken.

– Ikkje bli freista. Dette er ein bil som ikkje er verdt prisen noko stad – ikkje eingong blant utleigebilar på flyplassen.

Dårlegaste vesle premiumbil: Mercedes-Benz CLA

– CLA beviser at stamtavle ikkje garanterer ein raffinert bil, seier rapporten.

Dei likar ikkje motoren, synest bilen er for stiv og at det er for bråkete i kupeen. I tillegg meiner dei at han er vanskeleg å komme inn i, er trong innvendig og at nødvendig ekstrautstyr er dyrt.

OVERRASKANDE: Consumers Report likar ikkje Mercedes-Benz' CLA-modell. Det er tydeleg at dei meiner han ikkje leverer det merket lovar.
OVERRASKANDE: Consumers Report likar ikkje Mercedes-Benz' CLA-modell. Det er tydeleg at dei meiner han ikkje leverer det merket lovar.

Dårlegaste mellomstore premiumbil: Maserati Ghibli

Pålitelegheita skal vere langt under gjennomsnittet. Samtidig trekker dei fram at han ser bra ut og er morosam å køyre. Det hjelper ikkje mot ein dårleg drivstofføkonomi, hardt understell og trong kupe. Lågt nivå på mange av interiørdetaljane bidrar også til eit dårleg inntrykk, ifølgje Consumers Report.

Dårlegaste mellomstore premium-SUV: Land Rover Discovery Sport

Undersøkinga seier at denne modellen ikkje eingong vil klare seg i samanlikninga med små SUV-ar. Pålitelegheita skal liggje langt under gjennomsnittet, og dei likar verken motor eller girkasse, og sjølvsagt ikkje køyreeigenskapane. Interiøret finn Consumers Report altfor ordinært, og infotainmentsystemet for treigt.

Artikkelen held fram under biletet.

FELL GJENNOM: Undersøkinga konkluderer med at ein like gjerne kan kjøpe ein billig SUV i staden for Land Rover Discovery Sport.
FELL GJENNOM: Undersøkinga konkluderer med at ein like gjerne kan kjøpe ein billig SUV i staden for Land Rover Discovery Sport.

Dårlegaste luksus-SUV: Cadillac Escalade

– Trass i at han kastar ein enorm skygge, er han ikkje eingong særleg komfortabel på innsida.

Pålitelegheita skal vere verst i klassen. Consumers Report meiner Audi Q7 er den beste bilen i segmentet.

(©NPK)

Til toppen