AUF: Sindre Hornnes, Reidar Fugle Nordhaug, Anthony Labarca Hiller, og Egil Natvik Vestrheim.
AUF: Sindre Hornnes, Reidar Fugle Nordhaug, Anthony Labarca Hiller, og Egil Natvik Vestrheim. (Foto: Sveinung Sandal)

Dei vervar medlem mot neste kommuneval: – Utan medlem har me ikkje påverknadskraft

Det seier Egil Natvik Vestrheim (17) AUF i Sogn og Fjordane.

Sogndal: Han sit i fylkesstyret som styremedlem med internasjonalt ansvar, og er lokallagsleiar i Lærdal- og Årdal AUF. I desse dagar reiser han rundt på skulane, saman med andre i AUF, for å verva fleire medlem til laget sitt. 

– I dag har me stått på stand på Sogndal vidaregåande skule. Me har snakka med elevar, og prøvd å verva dei. 

Hybelbuarane treng meir stipend

Dette har gjeve utslag, og ungdomspartiet kan telje 13 nye, engasjerte medlem etter endt dag. 

– Veldig mange vil bli medlem fordi dei er i mot fråværsgrensa, vil ha meir peng i bortebuarstipend, og rett og slett fordi dei vil vera med på å gjera ein forskjell, seier Vestrheim. 

AUF har vedteke å auka bortebuarstipendet, og dette er noko som engasjerer elevane på Sogndal vidaregåande skule.

– Det er mange hybelbuarar i Sogndal som tykkjer dette er ei viktig sak fordi dei ikkje har nok peng. Me vil òg setja ned prisen på ungdomskort til 200 kroner, så det er òg med på å engasjera dei som melder seg inn, seier Vestrheim. 

Vervar på alle skulane i heile fylket

Sjølv om han og resten av AUF reiser rundt på skular rett etter sommarferien, er det ikkje berre i dette tidsrommet dei vervar nye medlem.

– Me reiser eigentleg rundt heile året og prøvar å verva så mange som mogleg, for utan medlem har me ikkje påverknadskraft. Spesielt no når det ikkje er val brukar me mykje tid på å reisa rundt for å få nye medlem.

Engasjert ungdomsparti

Vestrheim meiner AUF er eit engasjert ungdomsparti, til og med kanskje hakket meir engasjert enn andre. 

AUF: Sindre Hornnes, Reidar Fugle Nordhaug og Egil Natvik Vestrheim. Foto:  Sveinung Sandal

– Eg trur nok me er dei som er mest aktive, og når me reiser rundt på skular så reiser me innom absolutt alle i fylket. Det har ikkje noko å seia om det er Årdal, Dale, eller Sogndal, liten eller stor. For oss er det viktig å ha gode medlem i heile fylket. 

Han legg vekt på at dei ikkje har byrja med valkamp heilt endå, men at dei jobbar med å få folk på listene til kommune- og fylkestingvala. 

– Me jobbar med å få innspel frå ungdom i deira kommune om kva som er viktig for dei. Det er viktig for oss òg, for me kan ta det vidare til programkomiteen i kvar kommune. 

Vestrheim: – Eg kan påverka Noreg til å bli litt betre

I september skal han og resten av AUF i Sogn og Fjordane ha fylkestreff der dei skal diskutera politikk, og planlegga vidare framover.

– Me lukkast veldig godt med fylkestreffa våre. Det skapar samhald, og me er alle blitt ein samansveisa gjeng, seier Vestrheim.

Sjølv er han ikkje i tvil om kvifor han brukar så mykje av tida si på politikk.

– Det er utruleg gøy å vera engasjert i AUF, og så får eg mange vener frå heile landet. Det er kjekt å jobba med meiningsfulle saker, og faktisk vera med på å påverka kommune, fylke, og Noreg til å bli litt betre, seier han.

Til toppen