SPELEGALE: Prosjektleiar Adam Moldestad, presseansvarleg Andreas Lerheim Olsen og dagleg leiar Jan Helge Husum i Techtus UB gler seg til datatreffet dei sjølve skal arrangere. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Dei vil arrangere stort dataparty i Sogndal

Det er berre å lokke fram sin indre nerd, i midten av november skjer det.

Sogndal: – Vi har tenkt å leige ein gymsal, ei stor kantine, eller noko sånt, seier prosjektleiar Adam Moldestad.

– Den største utfordringa er å få tilgang på eit straumnett som taklar alle maskinene. Det jobbar me mykje med å finne ei løysing på, seier han.

Hentar inspirasjon frå nabokommunane

Eit datatreff eller LAN-treff går ut på å samle flest mogleg datainteresserte i same lokale. Her spelar dei til dei kollapsar, anten av søvnmangel eller energidrikkoverdose. På treffet i Sogndal vil det bli arrangert turneringar og det vil bli spelt over nett, i tillegg til god gamaldags sosialisering.

– Det er alltid kjekt å møte folk med same interesse, seier Moldestad.

Turneringa vil bli arrangert på skulen, der det òg vil bli mogleg å overnatte, for dei som ønskjer det. Moldestad trur det vil vere stor interesse eit slikt arrangement her i bygda og baserer seg på gode erfaringar frå tilsvarande treff i Luster og Balestrand:

Forventar over hundre påmelde

– I tillegg har eg vore med å arrangere eit par i LAN i Førde og då har vi hatt rundt hundre deltakarar. Eg vil tru vi skal greie å få til like mange her, seier Moldestad.

Dei ser for seg å tiltrekke eit breitt spekter av aldersgrupper, som alle har datainteressa til felles.

– Vi har interesse av det sjølve og veit at det er veldig mange som kunne tenke seg eit slikt arrangement her. Det er ein hobby og eit miljø som har tatt veldig av dei siste åra. Det har òg blitt litt meir akseptert enn det kanskje har vore tidlegare, seier Moldestad.

Til toppen