Bli med på eit spektakulært svev over i Jotunheimen

Bli med på eit spektakulært svev over i Jotunheimen

Dei vil danne Noregs første dedikerte speedriderklubb i Sogndal

På seks år har miljøet i Sogndal tatt seg kraftig opp. No ønskjer dei å gjere Sogn Fartsfykarlaug til Noregs første dedikerte speedriderklubb.

Sogndal: Speedriding er ein slags søstersport av paragliding, men i motsetnad til paragliding, der ting går litt rolegare føre seg, er denne sporten utvikla i retning mot høgare fart og og meir presis køyring, der ein veit kor ein startar og kor ein skal stoppe.

Sporten kom til Sogndal i 2011. Sidan då har stadig fleire testa det ut. No tel miljøet litt over 20 personar. 

Bli med på spektakulært svev i Hurrungane frå Dyrhaugstind og ned og ut Ringsdalen i videoen øvst i artikkelen.

– Me er ein god kompisgjeng som møttest via høgskulen. Me leikte litt med tanken om at me ville starta ein klubb for å danna ein møteplass for folk med felles interesse for sporten og flyging. Den engasjerte mange, og me fekk med oss ein del, fortel Lars Krogstad Enoksen.

Ventar på godkjenning

Sidan sporten er ganske fersk i Noreg, finst det ingen spesielle klubbar, miljø eller organisasjonar. Sporten ligg under Noregs Luftsportsforbund, men er førebels ein nisjéidrett. Men der ein ser vekst, er i miljøa rundt nettopp Sogndal og Voss. 

– Då tenkte me det kunne vera kult med ein klubb som har base i Sogndal. Det var fleire som var interessert i det, og sidan i fjor haust har me jobba med saka. No har me hatt stiftingsmøte og skal sende søknad til Forbundet for anten å få tommel opp eller tommel ned, forklarar han.

Vil syne at dei er seriøse

Blir det tommel opp, blir Sogn Fartsfykarlaug Noregs første dedikerte speedriderklubb. Vel hundre menneske har meld si interesse i å bli medlem i klubben allereie. 

– I dag finst det éin klubb, og det er Voss hang- og paragliderklubb. Dei tilbyr kurs i sporten, og det er einaste moglegheita ein har for å få lisensen. Me har mål om å bli ein slags konkurrent.

– Motivasjonen til å starte klubben er at me kjem under regelverket, følgjer normene og ikkje minst tryggleikssystema. Me har sett at dersom ein driv på litt på eigahand, slik ein har gjort i starten, blir det litt lett ein villmannsopplegg. Me har lyst å danne eit seriøst miljø der me set tryggleik veldig høgt, ikkje berre for vår eiga del, men for sportens rykte, seier Enoksen. 

Gode område i Sogndal

At klubben får base i Sogndal, er også naturleg med tanke på dei gode moglegheitene ein har for å drive med sporten i området.

– Ein kan fly frå dei fleste typar fjell så lenge det er ein viss høgdeforskjell, men i sogndalsområdet kan ein fly frå mange ulike retningar. Sidan ein gjerne må ta omsyn til vindforhold, er det bra å ha fleire område ein kan fly frå. 

Til toppen