NY SESONG?: Trine Marie Johansen og Ole Martin Moen er godt nøgde med første seong som bestyrarar på Skogadalsbøen - no håpar dei å få driva DNT-hytta vidare på fastr basis. Privat foto 
NY SESONG?: Trine Marie Johansen og Ole Martin Moen er godt nøgde med første seong som bestyrarar på Skogadalsbøen - no håpar dei å få driva DNT-hytta vidare på fastr basis. Privat foto 

Dei vil driva Skogadalsbøen vidare..

Avtalen med DNT har gått ut, men Trine Marie Johansen og Ole Martin Moen håpar dei får bli bestyrar ved Skogadalsbøen framover

Årdal: – Viss me vil halda fram som bestyrarar på Skogadalsbøen, må me me søkja om det. Og det kjem me til å gjera, seier Trine Marie Johansen, som i år har drive DNT-hytta saman med kjærasten Ole Martin Moen.

Inntil no har Olav Kjell Moen stått som bestyrar på Skogadalsbøen, og paret vikarierte denne sesongen. Denne løysinga tillot DNT - som eig hytta - berre for ein sesong. Difor må Ole Martin Moen og Trine Marie Johansen få tilslag på søknaden for å føra arven vidare.  

Les også: ..medan Eidsbugarden hotell jaktar ny bestyrar

Les også: Trur svak krone og terrorfrykt får fleire til fjells

– Å driva Skogadalsbøen er for spesielt interesserte

– Det er ikkje den lettaste hytta å driva. Ein må køyra inn med snøskuter på vinteren, ha kunnskap om aggregat og generelt peiling på mekanikk. Og ein må vera ein type som kan halda seg der oppe heile sesongen, kanskje utan å vera nede i sivilisasjonen ei einaste gong. Så det er for spesielt interesserte. Men det er me, seier Johansen.

– Kor stor trur du sjansen er for at de får tilslag på søknaden om å vera bestyrarar i framtida?

– Det er kjempevanskeleg å seia. Me har minst like gode sjansar som alle andre etter å ha drive der eitt år. Men plutseleg dukkar det opp andre søkjarar som er veldig flinke og har mykje erfaring.

Overnattingsrekord

Den første sesongen deira på Skogadalsbøen tykkjer Johansen har gått veldig fint. 

– Det har vore ekstemt travelt og mykje folk. Så vidt me veit har me sett rekord i antal gjester på ei gong; me hadde 164 overnattande ved eit høve. Og hytta har 87 sengeplassar. Så det vart intimt, kan du seia.

Les også: – Ser lyst ut for sesongen vidare

Spesielt tykkjer ho det er artig med det vide tilfanget av folk som finn vegen heilt til foten av Hurrungane innst i Utladalen

– Det verkar som alle vil til fjells. Me har hatt haugevis av barnefamiliar på eine sida og mykje pensjonistar på andre sida. Det er gjerne ei generell oppfatning av at ei hytte så langt frå veg ikkje passar for alle, men me har til og med hatt ungar her som ikkje går sjølve. Det er noko av det kjekkaste. Og at me har fått så mykje fine tilbakemeldingar - det er viktig for oss ettersom me dreiv hytta på første sesongen.

 

Til toppen