FRUSTRERTE FRUER: Aase Flugeim og Irene Navarsete i Sogndal helselag meiner Helse Førde gjer det vanskeleg å vere blodgjevarar. – Dei må jo trenga oss, seier Navarsete.
FRUSTRERTE FRUER: Aase Flugeim og Irene Navarsete i Sogndal helselag meiner Helse Førde gjer det vanskeleg å vere blodgjevarar. – Dei må jo trenga oss, seier Navarsete.

Dei vil gjere det enklare å gje blod

Lang reisetid gjer at mange donorar droppar å gje blod. I Sogndal er helselaget kritiske til at Helse Førde fjerna ordninga som gjorde det mogleg å gje blod i heimkommunen.

Sogndal: Blodbanken til Helse Førde har einingar ved sjukehusa i Førde, Nordfjordeid og Lærdal, i tillegg til ein tappestasjon i Florø. Før var det òg mogleg å gje blod ved helsesentera i Høyanger, Aurland, Årdal, Luster, Sogndal og Leikanger enkelte dagar i året. Men det vart det slutt på.

– Før vart me oppringde på førehand av Lærdal sjukehus om me ville komma og tappa i Sogndal. Me fekk eit klokkeslett og det heile tok mellom tjue minutt og ein halvtime, seier Irene Navarsete i Sogndal helselag.

No må sogningane reise til Førde eller Lærdal for å gje blod. 

– Då blir det til at du ikkje gjer det. Du kan ikkje ta deg fri frå arbeid ein heil dag for å reisa avstad og gje blod, seier Navarsete.

Ønskjer å hjelpe

Saman med Aase Flugeim har dei engasjert helselaget i saka. Målet er at blodgjevarar igjen skal få gje blod i eigen kommune.

– Dei etterlyser blodgjevarar og så får me ikkje gje blod her i Sogndal, seier Flugeim og viser med eit oppgjeve uttrykk kva ho meinar om den saka.

– Dei må jo trenga oss, seier Navarsete.

Åse Reikvam, avdelingssjef for blodbanken i Helse Førde, seier at nye og strengare krav frå myndigheitene tvinga dei til å tenkje nytt. 

– Det gjorde at vi rett og slett ikkje hadde kapasitet til å halde fram som før og vi valde å leggje tappestasjonane til sjukehusa, seier ho.

Har nok blod

Samstundes har blodforbruket stagnert noko, takka vere betre operasjonsteknikkar.

– Det gjer at vi greier oss godt med dei blodgjevarane vi har i dag. Ressursbruken blir stor dersom vi skal etablere eit tilbod i kvar kommune. Samstundes ønskjer vi sjølvsagt å ta vare på blodgjevarane våre. Dei er hjarteleg velkomne, det er ikkje slik at dei ikkje er ønskja, seier Reikvam.

Flugeim og Navarsete i helselaget kjøper ikkje at økonomi er forklaringa på at den gamle ordninga vart fjerna.

– Det tykkjer eg er heilt tullete. Me veit aldri kven som treng blod, det kan skje når som helst. Me har masse pengar i dette landet, berre me brukar det på rett måte. Helse Førde har masse pengar, så dei får berre tappa oss, seier Navarsete.

 

Til toppen