DATAKURS FOR ELDRE: Leiar i Årdal Pensjonistlag Odd Øvregard og kursleiar Anders Severin Hestetun inviterer til datakurs for eldre i Årdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
DATAKURS FOR ELDRE: Leiar i Årdal Pensjonistlag Odd Øvregard og kursleiar Anders Severin Hestetun inviterer til datakurs for eldre i Årdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Dei vil gjere eldre betre på nett

Stadig meir kommunikasjon vert digitalisert. Den utviklinga er det ikkje alle som klarar å henge med på, og spesielt gjeld dette eldre.

Årdal: Tysdag denne veka arrangerer Årdal Pensjonistlag informasjonsmøte for planlagde datakurs for eldre. 

– Me har snakka om dette dei siste åra, og no gjer me orda om til handling. Me har sett at det er eit stort behov for opplæring på data, seier leiar i pensjonistlaget, Odd Øvregard. 

Kursansvarleg vert Anders Severin Hestetun. Han skal orientere om opplegget. 

Gratis kurs

– Me har søkt og fått 24.500 kroner av Gåveinstituttet til Indre Sogn Sparebank, som det vil kome to-tre tilsette frå og vere med. I tillegg kjem Årdalsnett, Expert og Mobildata for å tilby produkt. Med ekstra midlar kan me gjere dette tilbodet billigare enn det elles ville vore, seier Øvregard.

Tysdag er det gratis for alle som treng hjelp med dataen å ta turen. 

– Men dersom ein vil kome att fleire gonger, må ein melde seg inn i Pensjonistlaget, fortel han. 

Kan vere med og bestemme opplæringa

Det er altså Hestetun som er kursleiar. Han vil at dei eldre skal få vere med og bestemme innhaldet, men i første omgang er det nettbanken som får mykje fokus. 

– Me ser og veit at dette er den store bøygen for mange. Det er ikkje tilfeldig at me vel det. Kodebrikka ein får frå banken er nøkkelen til andre tenester som NAV, Altinn og Digipost, seier han og ber dei som planlegg å delta om å sørge for at dei har fått brikka si aktiviert i deira bank, og at dei tek med utstyr. 

Ufarleggjere

Dersom dette viser seg å vera ein suksess, er tanken at det eit par gonger i veka sit datakyndige på eldresentera og er ein slags førstehjelp for dei som trøblar med å forstå den digitale verda. 

– Det er for å ufarleggjere dette. Eldre fell utanfor i denne digitale utviklinga. No har me tenkt å ta føre oss nettbanken på PC og nettbrett. Det er ikkje lett å betala ting på mobil når ein aldri har vore innom nettbanken, seier Hestetun.

– Til dømes er jo kassene vekke i bankane. No må ein gjerne ha med seg ein av dei tilsette når ein står i automaten, og det trur eg mange tykkjer er litt nedverdigande – at dei skal ha med seg eit slags følgje. Før var det greitt å leggja ein giro i kassa og skrive under, men det er søren ikkje lett no. Eg har sjølv prøvd og enda opp med at måtte få hjelp.

Informasjonsmøtet foregår på eldresenteret både i Øvre Årdal og på Årdalstangen på tidspunkta høvesvis 12.00 og 15.00. 

Til toppen