Sogndal: Eit stødig språk og fast jobb er to av dei viktigaste føresetnadane for at du skal bli integrert i samfunnet. Difor ser rådmannen med ei viss uro på at talet flyktningar utan arbeid har auka.
– Det er ikkje nokon grunn til at dei som er busette i kommunen med ein annan nasjonalitet skal ha høgare arbeidsløysetal enn andre. Så det talet ønskjer me å bringa ned, seier rådmann Jostein Aanestad.
– Det å kunna forsørga seg sjølv er eit mål for dei fleste. Så me må jobba for at tida frå norskopplæringa til arbeidslivet vert kortast mogleg, seier ordførar Jarle Aarvoll.
Les også: – Nye ledige har gode jobbsjansar
Ei viktig årsak til det høge talet er vanskane kommunen har med å skaffe arbeidspraksis til flyktningane. Difor har dei lagt inn i budsjettet for neste år ei stilling som skal ta for seg nettopp dette problemet.
– Me ønskjer ein medarbeidar som kan jobbe konkret med dei flyktningane som ikkje har kome seg ut i jobb og opp mot verksemder me veit kan ha nytte og glede av å få tilgang på arbeidskraft. Det er mange dyktige medarbeidarar med eit arbeidspotensial som må utnyttast på ein langt betre måte enn me til no har fått til, seier Aanestad.