GONDOLBANE: Kommunestyret i Aurland ønskjer ikkje at Visjon Vangen berre skal handle om gondolbane  – ein idé som fort kan stele merksemda i utviklinga av Aurlandsvangen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
GONDOLBANE: Kommunestyret i Aurland ønskjer ikkje at Visjon Vangen berre skal handle om gondolbane  – ein idé som fort kan stele merksemda i utviklinga av Aurlandsvangen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Dei vil ikkje at visjonen skal handle om gondolbane

Det er blitt laga mange planar og visjonar for Vangen i Aurland, men denne gongen har dei folkevalde verkeleg tru på at dei skal lykkast.

Aurland: Politikarane er fulle av lovvord, men vaktar orda sine varsamt i tilrådinga om Visjon Vangen, der ein tek sikte på å utvikla Aurlandsvangen – og konkret gå frå ord til handling.

– Draumen om å gjere noko på Vangen har vore lenge. Mange grupper har vore nedsett og planar er laga, men lite gjort. Eg vel å vera positiv til det som skal gjerast og planleggjast. Det er kjempepositivt at det no er nedsett ei så brei gruppe, og eg har tru på at no skal me få det til, sa Anita Lærum (Ap).

Kva ein til slutt landar på er uvisst, men Heradshuset, sjøfronten og kanskje spesielt gondolbane er forslag som er lagt på bordet. Det sistnemnde hang politikarane seg opp i. 

– Eg har ei høne å plukke med ideen om gondolbane fordi eg tykkjer det får utfortent mykje merksemd i vedtaket. Det framstår som om at det er gondolbane som skal trekkja visjonen framover. Eg meiner det er ein av fleire aktivitetar og attraksjonar som skal vere med, sa Sturle Ryum (Sp), eit framlegg han fekk gehøyr for.

Gondol kan avlaste trafikken til Stegastein

Terje Horvei (V) var på same banehalvdel når det kom galdt gondol.

– Eg vil på det sterkaste rå oss frå at gondolbane blir det største i ordskya. Gondolbane er eit ganske belasta ord i Kommune-Noreg, og det førekjem ofte at ting vert hengt opp i slikt. Men gondolbane kan vere viktig for å avlaste trafikken opp til Stegastein, la han til og sikta til trafikkproblema som var på vegen i fjor sommar.

Venstre-politikaren meiner samstundes at ein no har lagt opp til mange spennande tankar gjennom prosjektet og seier han håpar dette kan bidra til at Aurland presenterer seg på ein endå betre måte for dei tilreisande, men då må det gode krefter til.

– Eg vil gjerne ha ein debatt på korleis me inviterer aktørar inn i dette. Me snakkar om store økonomiske løft. Visjon Vangen må ikkje falle på det. 

Kommunen skal ikkje vere aksjonær

Og då kom ein over på eit anna moment som var endra i vedtaket. Politikarane er nemleg klare på at det ikkje er kommunen som skal betale gildet. I den opprinnelege tilrådinga heiter det at kommunen etterkvart vil vurdere om dei skal bli aksjonær i eit selskap som skal stå for utvikling av Aurlandsvangen.

– No er me i ferd med å få eit greitt vedtak. Nøkkelen er å få med private. Det forretningsmessige får dei som driv med forretning sitja i førarsetet på. Eg synest ikkje det er rett no å gi opning for at me skal vera aksjonær. Det kan gi feil signal ut mot innbyggjarane, oppsummerte ordførar Noralv Distad (H).

Det kommunen derimot skal jobbe for er eit lokale for verdsarvsenteret. Det forslaget fremja David Underdal (Sp) og fekk med seg fleirtalet.

Til toppen