LOKAL STYRING: – Det viktige som ein har greidd her i Flåm, er at ein har hatt styring lokalt. Ein har greidd å få til avtalar med NSB og Fjord1, men det er næringslivet i Flåm som har styringa. Slik må det vera i framtida òg, seier Liv Signe Navarsete, som rosar reiselivsarbeidet i Flåm. Her saman med Solrun Hjelleflat i Aurland Ressursutvikling.
LOKAL STYRING: – Det viktige som ein har greidd her i Flåm, er at ein har hatt styring lokalt. Ein har greidd å få til avtalar med NSB og Fjord1, men det er næringslivet i Flåm som har styringa. Slik må det vera i framtida òg, seier Liv Signe Navarsete, som rosar reiselivsarbeidet i Flåm. Her saman med Solrun Hjelleflat i Aurland Ressursutvikling. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

Dei vil jobba for at verdiane frå reiselivet blir verande i lokalsamfunnet

Liv Signe Navarsete (Sp) meiner det er viktig med lokal styring i utviklinga av reiselivet.

Flåm: Stortingsrepresentanten drar fram Flåmsbana som eit godt døme på korleis ein i Flåm og Aurland har lykkast med å gjera det stadig meir populære turistmålet til ein ressurs for kommunen.

– Det viktige som ein har greidd her i Flåm, er at ein har hatt styring lokalt. Ein har greidd å få til avtalar med NSB og Fjord1, men det er næringslivet i Flåm som har styringa. Slik må det vera i framtida òg, seier ho.

Solrun Hjelleflat i Aurland Ressursutvikling er stolt over dei hundre faste arbeidsplassane reiselivet i Aurland har i dag. Ho meiner det er viktig å vera klar over at suksessen med Flåmsbana er skapt i og av Flåm. 

– Klarar me ikkje å ta ned dei verdiane lokalt, tener dei seg rike i Oslo og Bergen på naturen me har her, der ein belastar det lokale kommunale systemet for å henta dei pengane. 

Ein gjentakande debatt

NOTERER: Navarsete noterte flittig ned innspela som kom frå Hjellestad då dei møttest fredag.
NOTERER: Navarsete noterte flittig ned innspela som kom frå Hjellestad då dei møttest fredag. Foto: Truls Grane Sylvarnes

Ho er oppteken av at reiselivet i Aurland, og i regionen elles, må vera berekraftig. Dei treng ikkje nye arbeidsplassar i morgon, men for framtida, seier ho. Då kjem moment som infrastruktur og tilretteleggjing inn i biletet.

Eit sikkert vårteikn er debatten kring turistar og kva dei legg att i lokalsamfunnet, på godt og vondt. Også i sommar har ein sett døme på korleis dårleg infrastruktur, som toalettfasilitetar, kan ha ein negativ effekt på oppfatninga av turismen.

– Dei som bur i turistområda, kan ikkje ta belastninga av å finne ekskrement og toalettpapir. Dette er ikkje dei store tinga, men det må gjerast, og kven skal betala for det og samordna det? spør Navarsete og svarar sjølv.

– Eg seier ikkje at kommunen skal betala for dette, men meiner likevel at Aurland kommunen bør ha eit samordningsansvar. Dette må på plass slik at ein slepp dette som tema kvar vår.

Fryktar effekten av masseturisme

MÅ GJERAST: Trygve Skjerdal er redd Aurland kan få eit kjempeproblem dersom ein ikkje tar tak infrastrukturproblema no. 
MÅ GJERAST: Trygve Skjerdal er redd Aurland kan få eit kjempeproblem dersom ein ikkje tar tak infrastrukturproblema no.  Foto: Truls Grane Sylvarnes

Trygve Skjerdal (Sp) er fødd og oppvaksen i Aurland. Han har sett utviklinga i turismen frå han var liten gut. Han seier han kjenner det på kroppen at det er i ferd med å bli for mykje.

– Slik eg ser det, har me ikkje greidd å leggja godt nok til rette for denne veksten rundt om i landet. Me har lett for å feira nye rekordar, og det skal me, men det har ein konsekvens heile tida. Difor er det er utruleg viktig at me alle saman jobbar for at reiseliv framleis er eit positivt lada ord, seier han.

– Då må me ta tak i det, elles er eg redd me har eit kjempeproblem om kort tid.

Turistskatt

Men kven skal betale for det? Det er her turistskatt kjem inn i biletet. Pengar ein får som «bidrag» her kan nyttast til byggje infrastrukturen som må til. Noreg er eitt av få europeiske land som ikkje har ein slik skatt.

– Då eg var i Spania i sommar, betalte eg turistskatt. Eg såg det på kvitteringane, men tenkte ikkje særleg over det. Det kan henda det endar opp med masse byråkrati, eg veit ikkje om turistskatt er svaret, men er sikker på at ein må finna ein nøkkel for å fiksa dette, seier Navarsete.

– Ordføraren (Noralv Distad (H) journ. anm.) har sagt at dei skal ta seg av dette, og då forventar eg at han gjer det. Eg er samd med han i at turistskatt ikkje er ønskeleg dersom ein kan greie seg utan, men viss dette held fram, er eg redd ein får for mange negative oppslag knytt til Flåm og andre stader. 

Til toppen