PLANEN KLAR: Tretopphytte-prosjektet har fått to gongar 300.000 kroner i støtte frå Innovasjon Norge. No er denne gjengen klare for å gje gass. Frå venstre Geir Falck Husum, Jardar Falck Husum, Danckert Dankertsen, Fred Ivar Falck Husum, Hallvard David Falck Husum og Gro Sønnervik.
PLANEN KLAR: Tretopphytte-prosjektet har fått to gongar 300.000 kroner i støtte frå Innovasjon Norge. No er denne gjengen klare for å gje gass. Frå venstre Geir Falck Husum, Jardar Falck Husum, Danckert Dankertsen, Fred Ivar Falck Husum, Hallvard David Falck Husum og Gro Sønnervik. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Dei vil lokke turistar med spektakulære tretopphytter

Høgt over bakken i skogen, med utsyn over Amlabukti, byggjer dei trehytter inspirert av norrøn mytologi og norske stavkyrkjer.

Kaupanger: Etter to-tre år med søknader, papirarbeid og planlegging kan dei endeleg starte. Støtta frå Innovasjon Norge er i boks og kommunen har førebels gitt løyve til å sette opp to hytter. Til våren neste år håper dei å ha ferdig den første, men målet er at det skal kome seks til saman.

– Me får ta ei om gangen, seier Fred Ivar Falck Husum, mannen som har teikna hyttene, men som til vanleg driv ein tatoveringsbutikk i Sogndal.

– Dei to første blir på mange måtar eit prøveprosjekt, men me har tru på at dette skal gå så bra at det berre er å køyra på og fortsetta, seier faren, Hallvard David Falck Husum.

STILFULLT: Stavkyrkjer og gamal norsk byggeskikk er inspirasjonen til designet av hytta. 
STILFULLT: Stavkyrkjer og gamal norsk byggeskikk er inspirasjonen til designet av hytta.  Bilde: Fred Ivar Falck Husum

TV-program med Dorthe Skappel vart starten

Det er på alle måtar eit familieprosjekt, her er onklar, tanter, søskenbarn, mor, far, brødre og svigerinne alle med på dugnadsjobben. Idèen dukka opp då ein av dei for nokre år sidan såg eit TV-program med Dorthe Skappel, som inviterte kjendisar til å bu eit døgn i ei trehytte djupt inne i skogane. 

− Eg tenkte: «Ei sånn vil eg ha», seier Gro Sønnervik, som raskt lufta idèen for resten av klanen.

− Først var dei skeptiske, men så vart dei ganske gira, seier ho.

UTSIKT: Dette er synet du vil få på terrassen når hytta er ferdigbygd.
UTSIKT: Dette er synet du vil få på terrassen når hytta er ferdigbygd. Bilde: Privat

Hyttene vil liggje avsides og bratt til i skogen, med majestetisk utsyn mot Amlabukti og utover fjorden. Standarden blir enkel, men komfortabel, med straum frå solcellepanel og vatn frå vasstankar, toalett, dusj og kjøken.

Ikkje for folk med høgdeskrekk

Storleiken blir på tjuefem kvadratmeter, med ein enno større terrasse og med plass til fem-seks sovande gjester. Hytta er frå halvannan meter over bakken i bakkant, til luftige sju meter der plattformen sluttar. 

− Det er så bratt i terrenget der ho er bygt, at det verkar som det er enno meir. Eg har høgdeskrekk, så eg har problem utpå der, seier Hallvard David Falck Husum.

Målet er å få ei inntekt på skogen dei ellers ikkje ville hatt, ved å leige ut til urbane barnefamiliar, turistar og ellers andre som ønskjer fred og ro og ei litt anna hytteoppleving. 

− Me har fått mange positive tilbakemeldingar og førespurnader. Fyrste veka ser allereie ut til å vera fullbooka, av dei er det òg fleire sogningar, seier Gro Sønnervik.

EIGE TØMMER: Tømmeret kjem frå eigen skog, her Hallvard David Falck Husum i full gang med hogsten.
EIGE TØMMER: Tømmeret kjem frå eigen skog, her Hallvard David Falck Husum i full gang med hogsten. Bilde: Privat

Set fart med tilskot i ryggen

For eit par veker sidan fekk dei vite at prosjektet får støtte frå Innovasjon Norge. Familien har starta opp to selskap, eitt som byggjer hytta og eitt som skal drifte og leige ut. Begge fekk 300.000 kvar. 

− Støtta frå Innovasjon Norge har nesten alt å seia. Me hadde fått til dette likevel, men det hadde teke mykje meir tid, seier Hallvard David Falck Husum. 

− Det er gull verdt, seier Gro Sønnervik.

Planen er at dei skal ha første hytta tett til hausten og at ho skal vere klar til våren.

− No kjem me til å køyra på, seier Hallvard David Falck Husum.

Til toppen