STØTTAR MR-MASKINA: Årdal Kjemiske Fagforening går inn med 200.000 kroner i støtte til MR-maskina ved Lærdal sjukehus. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
STØTTAR MR-MASKINA: Årdal Kjemiske Fagforening går inn med 200.000 kroner i støtte til MR-maskina ved Lærdal sjukehus. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Dei vil også bidra til MR-maskina

Årdal Kjemiske Fagforening slenger seg på bølgja og gir 200.000 kroner til MR-maskina. 

Årdal: Givargleda vil ingen ende ta. Årdal Kjemiske Fagforening er siste organisasjon ut som no vil gi til MR-maskina. 

– Me har bestemt at me hiv inn 200.000 kroner til dette. Me har midlar til det. Me har eit rimeleg bra overskot stort sett kvart år, seier leiar Bjørn Øvstetun.

– Me har tidlegarevore med på minnefondet til Bjørn Moen og elles andre ting når det har dukka opp noko som er greitt å støtte, og som kan knytast opp til bruk. Ein del av medlemmane våre har familie i bygda, så det kjem til nytte for fleire, legg han til. 

Støttar Lærdal sjukehus

I første omgang var det kommunane i Sogn og næringslivet som var oppmoda til å støtte opp om MR-maskin ved Lærdal sjukehus. Seinare har fleire organisasjonar slengt seg med.

Mellom anna har Sogndal helselag gitt same sum, medan LHL Lærdal og Aurland rapporterer at dei gir 15.000, som er halvparten av overskotet frå loddsalet deira i helga.

– Me støttar mykje inn mot lag og organisasjonar, og dette var ei sak me kunne tenkja oss å bruka pengar på. Det er viktig for årdalssamfunnet fordi me kjenner til problematikken gjennom medlemmar me har hatt i sjukebehov og det å koma seg til MR. Å reisa til Bergen eller Førde tar for lang tid, seier Øvstetun.

Han legg til at dei alltid har støtta opp om Lærdal sjukehus.

– Difor er det sjukehuset me gir pengar til, ikkje Helse Førde eller Førde sjukehus. For oss handlar dette om avstandar og tidspunkt for å koma til ei god maskin.

Til toppen