BER OM HJELP: Marit Lovise Rode, Sigurd Hovland og Mari Beate Yndestad i 2STA håpar du har lopper som dei kan selja til skuleturen neste år.
BER OM HJELP: Marit Lovise Rode, Sigurd Hovland og Mari Beate Yndestad i 2STA håpar du har lopper som dei kan selja til skuleturen neste år. (Bilde: Truls Grane Sylarnes)

Dei vil på skuletur og håpar du har lopper som kan gi inntekter

Elevane i 2STA ved Årdal vidaregåande skule ber om hjelp.

Årdal: Tradisjonen tru arrangerer elevane som går andreåret studiespesialiserande ved Årdal vidaregåande skule loppemarknad i november.

Det betyr at årdøler og tilreisande nok ein gong har sjansen til å gjera eit aldri så lite kupp og finna ein skjult skatt.

Men då treng elevane hjelp frå bygdefolket. Dei treng lopper.

– Pengane me tener på loppemarknad skal gå til skuleturen vår til Berlin neste år. Då skal me besøka Berlinmuren og konsentrasjonsleirane for å læra litt historie og ikkje minst språk, sidan mange av oss har tysk, seier Mari Beate Yndestad.

I fleire år har elevane arrangert loppemarknad om hausten. Gjennom heile denne helga i november vert det mogleg å kjøpe ting andre ikkje lengre har bruk for til ein god pris.

– Me tar imot alt me kan få, seier Jesper Lågøen, som fortel at dei har ein avtale med bruktbutikken Gamleskulen om at dei held stengt den helga mot at bruktbutikken får det dei vil ha av det som er att.

Loppemarknaden er blitt ein aldri så liten happening i Årdal. Nokre kjem langvegsfrå, og i fjor var det kø utanfor då dørene opna.

– Me kjem også til køyre kakesal og lotteri og nokre andre ting som me ikkje vil avsløra heilt enno, seier Sigurd Hovland og lovar at dei har nokre gode prosjekt og idear på lur. 

No håpar ungdommane at bygdefolket stiller opp og leverer ting dei elles ville ha kasta slik at dei kjem seg på skuletur til neste år. 

– Me tek imot lopper kvar onsdag ettermiddag. Me kan også koma heim og henta ting dersom nokon ønskjer det. Då er det berre å ta kontakt, seier Marit Lovise Rode.

Til toppen