OMBYGGING OG INNSPARING: Til hausten skal Lærdal aldersheim byggast om til bu- og omsorgsheim. I tillegg skal sektoren for helse og omsorg spara 8 millionar kroner dei neste fire åra. Foto: Arkiv. 
OMBYGGING OG INNSPARING: Til hausten skal Lærdal aldersheim byggast om til bu- og omsorgsheim. I tillegg skal sektoren for helse og omsorg spara 8 millionar kroner dei neste fire åra. Foto: Arkiv. 

Deler rom under ombygginga av aldersheimen

Det kan bli naudsynt for bebuarane på aldersheimen å dele rom i ombyggingsperioden av Lærdal bu- og omsorgsheim. 

Lærdal: På det meste kan det vere opp til 13 bebuarar på aldersheimavdelinga som frå hausten av skal byggast om til bu- og omsorgsheim. 

Les også: Aldersheimen skal byggast om for titalls millionar

Det er førespegla at ombygginga vil ta omlag eit år, med oppstart av ombygging hausten 2016 og ferdigstilling hausten 2017.

Samtale med pårørande

Leiarane for heimetenesta og institusjonen, og rådmannen har hatt informasjonsmøte med bebuarar og deira pårørande i forhold til kva som kjem til å skje under ombyggingsperioden.

– Det kan være naudsynt for bebuarar å dele rom i ombyggingsperioden, men dette kjem an på kor mange bebuarar det er på avdelinga når ombygginga startar, seier Inger-Therese Sanden Williams, leiar for heimesjukepleien. 

Det er store svingingar i talet på beburar til ei kvar tid og i byrjinga av mai var det mellom seks og sju brukarar på avdelinga. 

Tidlegare har det blitt vedteke at aldersheimdelen av institusjonen skal byggjast om til omsorgsbustader med heildøgns pleie og omsorg. 

– Då heimetenesta skal serve desse, vart det bestemt at heimebasert omsorg skulle ta over aldersheimsdelen frå 1 januar i år, seier Williams. 

Skal spara 8 millionar

I den vedtekne økonomiplanen til Lærdal kommune er det krav om at helse og omsorgssektoren skal spara tilsaman 8 millionar kroner fram til 2019. 

Heimetenesta i kommunen har redusert med ein person på dagtid for å møte dei nye innsparingskrava. 

I juni i fjor starta heimetenesta opp med mobil pleie, eit reiskap som gjer til at brukarane vert lagt inn på forskjellige køyreruter. Ei av rutene, sjukepleiarruta, er ikkje geografisk inndelt, då sjukepleiaroppgåvene er spreidd utover heile bygda. 

– Denne reiskapen gjer det enklare for tenesta med tanke på tilgang til informasjon, og reduksjon av administrasjonstid i forhold til fordeling av brukarar. Systemet har ei ressursinnsparing på omlag ein halv time per personal per vakt, dette er på grunn av dokumentasjon i journalsystem, og ruteplanlegging. Det går ikkje ut over brukartida, forklarar Williams. 

NY TURNUS: Leiar for heimetenesta Inger-Therese Sanden Williams.
NY TURNUS: Leiar for heimetenesta Inger-Therese Sanden Williams.

Ny turnus 

I forbindelse med innsparingstiltak hausten 2015, vart det utarbeida ein ny turnus som skulle gå på tvers av heimetenesta og institusjonen. Dette er ein langvaktsturnus, der personalet har 12-12,5 timars vakter kvar fjerde helg. 

– Då denne går på tvers av avdelingane, ser ein at ein får ei auke i sjukepleiarressursar i pleie og omsorg generelt, i tillegg til ei innsparing på overtid. Dette turnussamarbeidet er historisk i kommunen, då dette ikkje er gjennomført før, seier Williams. 

Les også: Både leiarar og tilllitsvald meiner ein er avhengig av samarbeid for å få til kutta

Turnusen medførte at det no ikkje er vakansar på helgevakter i nokon av avdelingane. 

Spraingseffektane av den nye turnusen har ikkje vore så tydlege dei første fire månadane den har blitt teken i bruk, men det er spådd at desse effektane vil bli tydlegare i løpet av nokre månadar.  

FRYD-program 

Lærdal Kommune deltek i eit Robek-nettverk i samarbeid med KS. I den forbindelse har heimetenesta utført ei registrering som går på ansikt til ansikt-tid med brukarane av tenesta, FRYD.

Under førre formannskapsmøte var det stilt spørsmål frå Jan Steinar Hole frå Fagforbundet i Lærdal om dei tilsette har mindre tid til brukarane enn før. 

– FRYD-programmet registrerar veldig nøyaktig kva dei i heimesjukepleien gjer med tida si. Det er mykje ventetid og rutene er ikkje optimalt lagt opp, sa Hole under møtet. 

Williams på si side forklarar at reorganiseringa av heimetenesta ikkje går ut over brukarane og at programmet handlar om korleis ein organiserer arbeidet betre. 

Til toppen