HALV MILLION: Formannskapet i Årdal vedtok samrøystes å dele ut ein halv million kroner til «mindre investeringar» i Årdal kommune. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
HALV MILLION: Formannskapet i Årdal vedtok samrøystes å dele ut ein halv million kroner til «mindre investeringar» i Årdal kommune. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Deler ut ein halv million til mindre investeringar

Formannskapet vedtok samrøystes å dele ut ein halv million til mindre investeringar i kommunen. 

Årdal: På grunn av den økonomiske situasjonen har det ikkje blitt avsett pengar til budsjettposten «mindre investeringar» dei siste åra, men for 2016 vart det vedteke at 500 000 kroner skulle nyttast til dette for å skifte ut inventar og utstyr.

Tenesteområda kom med innspel til rådmannen i saka, og totalt bad dei om midlar tilsvarande 2,5 millionar kroner. Rådmann Olve Fossedal forklarte at årsaka til den store søknadssummen skuldast eit etterslep etter år med nedskjeringar. 

– Den summen viser tenesteområda si vurdering av etterslep på inventar og utstyr, og det er stort dette det går i for dei fleste tenesteområda, sa han og ramsa opp alt frå hyller, makuleringsmaskin, tørketrommel og møblar. 

– Me synest det er positivt å sjå korleis pengane er disponert. Me ser at dei store summane går til born og unge og eldre, sa Hilde Horpen (Sp), som også var nyfiken på kva pengane til kulturhuset skulle brukast til. 

Rådmannen forklarte at kulturhuset ofte blir leigd ut til ulike hendingar, og ved fleire høver har dei som leiger måtta reise bygda rundt for å samle bord og stolar fordi kommunen ikkje har nok av slikt. 

– Skal me leige ut bygg, skal ikkje dei som leiger måtte reise bygda rundt på leit etter utstyr, forklarte han.

Uteområdet på Farnes skule vart også spesielt omtalt i saksdokumentet. Som Porten.no har skrive tidlegare, er det eit sterkt ønske frå mellom anna FAU at uteområdet vert fornya med nytt utstyr. 

Rådmannen tilrår her at det vert utarbeidd eit prosjektmandat med ei prosjektgruppe samansett av representantar frå skuleleiinga, FAU og administrasjonen. Målsetjinga er å ha i ein samla plan for uteområdet på Farnes skule klar i samband med utarbeiding av økonomi og handlingsplanen for 2017 til 2020.

Årsaka til det er at investeringane her kan krevja eit låneopptak, og dersom kommunen kjem ut av Robek i løpet av året, slik det er lagt opp til, kan ein gjere låneopptak med finansiering av ei slik renovering i planperioden frå 2017 til 2020.

Til toppen