FARGERIK: Dagleg leiar i Aurland fjellstyre og leiar Erling Nesbø har på seg ein farga caps som dei deler ut til alle villreinjegerar med tildelt fellingsløyve i Aurland statsallmenning. Foto: Aurland fjellstyre.

Deler ut farga caps til villreinjegerane

Vil hindre jaktulykker med meir fargerike klede. 

Etter jakta i fjor kom jaktoppsynet fram til at jegerar i fjellet brukte for lite farga klede i fjellet. 

Ved å kle seg meir fargerikt kan ein lettare unngå farlege situasjonar der «usynlege», kamuflasjekledde jegerar kan kome i skotlinja til andre jegerar. 

Det tek Aurland fjellstyre no ansvar for og deler ut oransje caps til alle som er tildelt fellingsløyve for rein i Aurland statsallmenning.

– Jegerane vert samstundes oppmoda å gå med denne under jakta, i alle høve når dei ferdast i område der det føregår mykje jakt og mange jegerar er samla, seier Harald Skjerdal i Aurland fjellstyre i ei pressemelding. 

Fjelloppsynet og fjellstyret er spent på om jegerane følgjer oppmodinga under jakta som snart begynnar.

Skjerdal fortel også at fjellstyret deler òg ut årboka «Villreinen» til alle jegerane, der ein finn godt stoff om villrein og jakt.

Til toppen