DELFIN: Delfinen i Vik er blitt eit ettertrakta motiv.
DELFIN: Delfinen i Vik er blitt eit ettertrakta motiv. (Foto: Rune Fossum Lillesvangstu)

VEKAS FOTO

Delfin som hoppar og leikar seg i solnedgang

Vekas foto er teke av Rune Fossum Lillesvangstu.

Vik: Rune Fossum Lillesvangstu kjem opphaveleg frå Molde, og er busett i Førde der han er tilsett som faglærar for NRK Nynorsk Mediesenter. I tillegg er han journalist og forfattar, og dermed røynd med kameraet. 

Vekas foto fanga han i Vik, der ein sjeldan delfin har oppholdt seg sidan april.

– Kona mi, Tone Merete, er frå Vik, og svigerforeldra mine bur der. Me leverte hunden vår der sidan me skulle på ferie, og då var me nedom for å sjå om me såg delfinen. 

Blei eit par bomskudd 

Han legg til at dei har hatt eit par bomturar nede ved vatnet utan å sjå noko delfin tidlegare, men denne dagen var dei heldige.

– Me blei jo heilt satt ut då den dukka opp. Tenk at eit så eksotisk dyr sprett, dansar, og hoppar framanfor deg. Det er så unorsk så me stod der ganske lenge og såg på, seier Fossum Lillesvangstu. 

Etter kvart drog han fram kameraet, og etter ein god del bomskudd trefte han blink etter ei stund.

– Lyset blei betre og betre etter kvart som sola gjekk ned. Til slutt fekk eg eit bra bilete, og fanga i same slengen litt trolsk stemning.

Trivst på fjellet i Sogn 

Fossum Lillesvangstu foreviger gjerne bilete, og er det ein ting du finn mykje av om du vitjar Instagram-profilen hans så er det bilete frå fjellet.

– Me er jo mykje i Sogn, og eg trivst eigentleg aller best i Sogn. Me har hytte i Engjadalen i Gaupne, og er der så ofta me kan, seier han.

Han har berra gode ting å seia om lustranaturen og Luster kommune, og trekk trådar mellom den og Rauma kommune i Romsdal. 

– Luster må jo vera Noreg sin mest allsidige og flotte kommune. Det er masse kulturhistorie, fantastiske fjell, og vakker fjord. Eg trivst utruleg godt der. 

– Har du fem favorittfjell i Sogn då? 

– Oi det var eit vanskeleg spørsmål. Dette er ikkje i rangert rekkefølge, men Myrhyrna i Jostedalen, Lauvnostind er fantastisk, Dyrhaugstind er fantastisk flott, Nordre Skagastølstind er heilt nydeleg, og så må det bli Store Smørstabbtind. Det er nesten så eg kjenner nakkehåra reisa seg, det er så fantastiske fjell, seier han og ler. 

Skal kosa seg på ferie med fruen og to søner 

No skal han nyta resten av ferien saman med familien sin. 

– Akkurat no er me på Skeikampen i eit hyttefelt, deretter skal me kosa oss litt på Austlandet, og så håpar eg vêret blir bra slik at me kan gå i fjellet på returen. Det gler eg meg mest til faktisk, avsluttar Fossum Lillesvangstu. 

Til toppen