SKYTING: Her er skyttarar i aksjon under stemnet i regi av Farnes skyttarlag på Mjøen i Årdal laurdag. Foto: Eivind M. Øren
SKYTING: Her er skyttarar i aksjon under stemnet i regi av Farnes skyttarlag på Mjøen i Årdal laurdag. Foto: Eivind M. Øren

Deltakarrekord på Lerum Cup

Langt over 700 skyttarar deltok under årets Lerum Cup, som bestod av fem skytestemne på fem dagar i Indre Sogn. 

For sjette gong gjekk Lerum Cup av stabelen frå 12. til 16. mai. Dette er tida då skyttarane er i oppkøyringsfasen og står føre ein stor sesong. Dermed trekker arrangementet skyttarar frå alle delar av landet. 

Skytinga gjekk føre seg på skytebanane til Sogndal skyttarlag, Leikanger skyttarlag, Hafslo skyttarlag, Knipenborg skyttarlag og Farnes skyttarlag.

LERUM CUP: Loi skytebane i Årdal under Lerum Cup 2015.
LERUM CUP: Loi skytebane i Årdal under Lerum Cup 2015.

Blir større og større

Lerum Cup er eitt av landets største skyttararrangement, der talet på deltakarar aukar frå år til år. I tillegg har ein stor gjeng frivillige vore med for å få arrangementet vel i hamn. 

Jens Terje Hammervoll, i Sogndal skyttarlag og i arrangørgruppa for Lerum Cup, fortel at det var over 700 deltakarar samla sett for alle fem stemna i år, ei kraftig auke frå kring 570 deltakarar i 2014. 

– Me auka nesten like mykje i frå 2013 til 2014. Det er ingen tvil at talet på skyttarar som deltek aukar for kvart år, fortel han. 

Hammervoll er godt nøgd med at Lerum Cup vart gjennomført utan nokon større problem eller klagar frå deltakarane. 

– Tvert imot har me berre fått gode ord og positive tilbakemeldingar. Det må me vera godt nøgd med, seier Hammervoll. 

Ole Bjarne Hovland, frå Knipenborg skyttarlag, etter skyting på Leikanger. 
Ole Bjarne Hovland, frå Knipenborg skyttarlag, etter skyting på Leikanger. 

Lokale deltakarar

Her får du eit utdrag av resultat frå nokre av dei lokale deltakarane på årets Lerum Cup. 

Jon-Hermann Hegg, frå Hegg skyttarlag, er førsteårs junior. Han vann stemnet på Leikanger. Samanlagt i Lerum Cup hamna han på ein 5. plass i juniorklassa. Også broren Jens-Henrik Hegg, frå Hegg skyttarlag, vart nummer åtte samanlagt i rekruttklassa. 

Sverre Myklevold, frå Farnes skyttarlag, fekk 12. plass samanlagt i klassa eldre rekrutt. Han låg lenge ann til å ta premien for jamnaste resultat, men så vart han forbigått heilt på tampen av arrangementet. 

I seniorklassa skaut Ole Bjarne Hovland, frå Knipenborg skyttarlag, både 345 poeng under stemnet til Knipenborg skyttarlag og Leikanger skyttarlag. På Hafslo-stemnet fekk han ein poengsum på 344 poeng. Hovland gjorde det ikkje så godt på dei to siste stemna han skaut og hamna på 39. plass samanlagt. 

I KLASSA V73: Ludvig Indrebø, frå Farnes skyttarlag, vart nummer tre samanlagt i V73. Her er han etter skytinga på Mjøen i Årdal.
I KLASSA V73: Ludvig Indrebø, frå Farnes skyttarlag, vart nummer tre samanlagt i V73. Her er han etter skytinga på Mjøen i Årdal.

– Det er mogleg å få maksimalt 350 poeng på eitt stemne. Hovland fekk ein god poengsum og rangeringa samanlagt syner at nivået var høgt i seniorklassa under årets Lerum Cup, fortel Kjetil Hov, i Knipenborg skyttarlag og medarrangør for Lerum Cup. 

I klassa V73 vart Ludvig Indrebø, frå Farnes skyttarlag, nummer tre samanlagt. Han skaut 350 poeng, og dermed full pott, på to av stemna. Han som vart nummer to samanlagt skaut berre ein innertiar meir enn Indrebø, fortel Hov. 

Heile resultatlista finn du her

Til toppen