Årdal: Utdeling av sykkelhjelm er ein årleg tradisjon som Årdal Tenk Tryggleik gjer saman med politiet i kommunen. Då får alle 4. klassingane ein splitter ny sykkelhjelm.
Også FAU kom med gåver til elevane. Leiar i FAU ved Farnes skule, Vigdis Lio, delte ut lysutstyr som elevane kan ha på syklane sine. Utdelinga ved Tangen skule skjer seinare i vår.
Må vera flinkare enn dei vaksne
Under utdelinga fortalte Bjørn Indrebø i Årdal Tenk Tryggleik om kvifor ein bør bruke hjelm og fekk støtte frå Petter Hagen i politiet. Elevane er gjerne raske med å utlevere dei vaksne når det kjem til bruk av hjelm.
Artikkelen held fram under biletet.

– Men sjølv om foreldra er dårlege til å bruke hjelm, betyr ikkje det at me skal vera det. De skal vera dei som er flinkast, var beskjeden Hagen hadde til 4. klassingane som nikka lydig.
– Så kan foreldra vere så dumme dei berre vil, men de må seia til dei at de er litt for glade i dei og be dei bruke hjelm, om ikkje for seg sjølv, så får dykk. Me har ingen å miste, la han til.
Får mange innspel
Utdeling av hjelmar er eitt av fleire haldepunkt i livet der Årdal Tenk Tryggleik kjem på bana. Det fortalte Indrebø då han møtte samferdsleutvalet i Sogn og Fjordane før utdelinga.
Artikkelen held fram under biletet.

Han gjekk gjennom historia til det unike samarbeidet mellom fleire aktørar i kommunen og kom innom konkrete prosjekt dei har tatt tak i.
– Me får innspel heile tida, og desse svarar me på og prøver å ta tak. 90 prosent av innspela får me gjort noko med i løpet av ein fireårsperiode. Me har også hatt fokus på godt lys, særleg i fotgjengarfelta. Me får også no tilbakemelding om at skulevegane er trygge, seier Indrebø.
Noko andre kan lære av
Årdal Tenk Tryggleik følgjer innbyggjarane gjennom heile livsløpet, frå barnehagen der ungane lærer å ferdast i trafikken, til 1. klassingane som får utdelt refleksvest, vidare til 4. klassingane som får sykkelhjelm, konfirmantar som blir kameratar med politiet og til og med 80-åringar som får tilbod om ein sjekk av tryggleiken i heimen.
Artikkelen held fram under biletet.

– Dette er noko eg tek med meg vidare. Det er mange praktiske og lett gjennomførbare ting. Denne tryggleikskulturen som ligg i botn er veldig spennande og vil gi resultat, var tilbakemeldinga frå Bjørn Hollevik, medlem i hovudutvalet for samferdsle.
– Dette har stor overføringsverdi til andre kommunar og heilt klart noko å ta med seg vidare, sa leiaren for utvalet Noralv Distad.