GIR TILBAKE: Aldersbestemt fotball i Aurland, Lærdal og Jotun mottok søndag 70 000 kroner frå Veterancupen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
GIR TILBAKE: Aldersbestemt fotball i Aurland, Lærdal og Jotun mottok søndag 70 000 kroner frå Veterancupen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Delte ut overskotet til aldersbestemt fotball

Veterancupen gir 70 000 kroner til aldersbestemt fotball i Årdal, Lærdal og Aurland.

Lærdal: Det har vore ein tradisjon at Veterancupen gir overskotet tilbake til Lærdal IL, Aurland IL og IL Jotun. Desse tre klubbane bidreg med mange dugnadstimar i samband med Veterancupen.

– Dette er eit samarbeid mellom klubbane, noko det har vore heile vegen, og sidan ein har eit overskot, deler ein det ut att, seier Bjørn Øvstetun i IL Jotun. 

Saman med Trond Mjøs frå Aurland og Jan Tore Stølen frå Lærdal var dei samla med ungar for å motta sjekken. 

– Dette er veldig viktige kroner og noko me er avhengig av på lik line med andre inntekter. Alt som kjem inn er positivt, og det er det behov for. Me har og skal ha fokus på ungane slik at dei får eit tilbod og skikkeleg utstyr, seier Stølen.

Gir tilbake til dei unge

Pengane vert fordelt etter ein nøkkel på 40-20-10 etter kor tungt klubbane er med på arrangementet. I tillegg får klubbane alt som kjem inn frå kiosk- og billettsalet.

– Me brukar pengane til det me treng. Det er både til utstyr, ballar og til reise sjølvsagt. Skal ein på turneringar, treng ein ekstra mykje midlar, og då må ein driva dugnad og flaskepanting. Den summen me får inn er eit godt tilskot, fortel Mjøs.

Øvstetun seier at då turneringa vart starta opp, var nettopp det å gi tilbake til klubbane ein del av målet dersom det skulle visa seg at cupen genererte inntekter, noko den har gjort.

– Dei som spelar er fortidas spelarar med karriera bak seg, og dei er med på turneringa for moro skuld. Samstundes gir dei også tilbake til dei som er framtidas spelarar og skal ha det moro i åra som kjem, legg Mjøs til. 

Engelske lag

Planlegginga av neste års turnering, som er sett til siste helga i januar, går etter planen. Stølen melder om full kontroll og at dette etter kvart har byrja å gå på autopilot ilag med rutinen ein får frå å arrangere slikt.

– Påmeldinga er allereie open, og me jobbar med å få engelske lag til å delta sidan det set ein liten spiss på arrangementet og dreg fleire til hallen, fortel Øvstetun.

Til toppen