BRUK REFLEKS: Det er bodskapen politi og Årdal Tenk Tryggleik hadde til 1. klassingane då dei delte ut refleksvestar til elevane ved Tangen skule. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
BRUK REFLEKS: Det er bodskapen politi og Årdal Tenk Tryggleik hadde til 1. klassingane då dei delte ut refleksvestar til elevane ved Tangen skule. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Delte ut refleksar i vintermørket

Onsdag besøkte politiet og Årdal Tenk Tryggleik 1. klassingane på Tangen skule for å dele ut refleksar.

Årdalstangen: I vintermørket er det alltid lurt å ha på seg refleks slik at dei som ferdast i trafikken enkelt kan sjå deg dersom du går langs ein veg. 

Men ikkje alle er like flinke til å ha på seg refleks, og då er det viktig å starte tidleg. Difor besøkte Petter Hagen og Frida Nessestrand Vefring frå Årdal lensmannskontor og Bjørn Indrebø frå Årdal Tenk Tryggleik 1. klassingane på Tangen skule for å snakke om refleksbruk.

– Me gjer dette for å sikre 1. klassingane slik at dei blir sett i trafikken, fortel Bjørn Indrebø.

Betringspotensiale

Før dei besøkte klassen, stod dei utanfor skulen og sjekka refleksbruken til skuleelevane, og dei vedgår at den er litt ymse.

Artikkelen held fram under biletet.

DEMONSTRERER: Petter Hagen ved Årdal lensmannskontor demonstrerer effekten av refleks. 
DEMONSTRERER: Petter Hagen ved Årdal lensmannskontor demonstrerer effekten av refleks. 

– Me ser at det kan bli betre, så då er det bra at Årdal Tenk Tryggleik stiller opp og deler ut gratis vestar, seier Vefring.

– Det kan verka som at bruken av refleks avtar med alderen, og det me høyrer frå 1. klassingane er at pappa aldri bruker refleks, medan mamma brukar den av og til, legg Hagen til. 

Stort sett trygg skuleveg

Ungane svarte dønn ærleg då spørsmål om refleksbruken kom, og det er nettopp som Hagen seier. Dei vaksne er ikkje flinke nok til å bruke refleks. Difor håpar Vefring at foreldra no vil gå føre som gode døme for å få med ungane.

1. klassingane var også nøgde med skulevegen, og Indrebø kunne fortelja at dei har søkt om midlar til lys frå rådhuset, oppgangvegen, over brua og ned att bakken. 

Artikkelen held fram under biletet.

SAMTALE: Petter Hagen og Frida Nessestrand Vefring snakka med elevane om refleksbruk. Fleire av 1. klassingane kom med dønn ærlege svar om mor og far sin bruk av refleks.
SAMTALE: Petter Hagen og Frida Nessestrand Vefring snakka med elevane om refleksbruk. Fleire av 1. klassingane kom med dønn ærlege svar om mor og far sin bruk av refleks.

– Me fekk ikkje midlar i fjor, og det er søkt om det same i Øvre Årdal. Kommunen ønskjer å gå over til led-lys med fokus på skulevegane.

– Skulevegn har me jobba med lenge, og me har ein trafikktryggingsplan som har lege på høyring. Stort sett er det få innspel fordi me har gjort mykje, der det største prosjektet var ved campingen, der me lagde til fortau og gangveg med rekkverk, seier Indrebø.

Til toppen