VERDSARVKONFERANSE: Åshild Kjelsnes på Heimaey, den største av Vestmannaøyane på Island. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune.
VERDSARVKONFERANSE: Åshild Kjelsnes på Heimaey, den største av Vestmannaøyane på Island. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Deltok på nordisk konferanse for verdsarvstadane

Fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes deltok på den nordiske verdsarvkonferansen i Reykjavik 21.–23. september. Hovudtema var turisme i verdsarvstadane og samarbeid mellom dei.

Aurland: Kjelsnes deltok på konferansen som medlem av verdsarvrådet til Vestnorsk Fjordlandskap. Ho meiner det er nyttig at dei nordiske verdsarvstadane kjem saman og lærar av kvarandre og inspirerer kvarandre.

– Gjennom samarbeid og erfaringsutveksling kan vi ivareta verdsarvstadane på ein betre måte enn vi kunne gjort kvar for oss. Ved å dele erfaringar får vi gode idear og inspirasjon til korleis vi kan ta vare på og bruke verdsarvstadane på ein god måte, seier Kjelsnes.

Turisme er eit svært aktuelt tema for alle verdsarvstadane. Mange av dei har utfordringar knytt til stor tilstrøyming, og det er viktig å ta imot dei besøkjande på ein god måte. Samstundes er det viktig at dei universelle, eineståande verdiane i verdsarvstaden vert tekne vare på.

Konferansen var i Reykjavik med ekskursjonar til Vestmannaøyene og Tingvellir. På Heimaey, den største av Vestmannaøyene, er det etablert eit besøkssenter for verdsarvstaden Surtsey. Surtsey skil seg frå dei andre verdsarvstadane ved at turistar ikkje får gå i land der, og verdsarven her må formidlast på andre måtar enn ved å ta med besøkjande dit.

– Det var ei oppleving å kome ut til Vestmannaøyene. Det var særleg interessant å sjå korleis besøkssenteret formidlar både det store vulkanutbrotet som skapte Surtsey i 1963. Senteret formidlar også godt dei i 1973 arbeidde for å verne hamna og bustadane på Heimaey under eit stort vulkanutbrot, seier Kjelsnes.

Til toppen