RASERI: Dommen i Hemsedalssaka har fått ein heil nasjon til å demonstrere for rettstryggleiken til kvinner. Foto: Camilla Skjær Brugrand.
RASERI: Dommen i Hemsedalssaka har fått ein heil nasjon til å demonstrere for rettstryggleiken til kvinner. Foto: Camilla Skjær Brugrand.

Demonstrantane tok til tårene

Det var ganske mange blaute augekrokar etter at bloggar og føredragshalder June Holm delte si valdtektshistorie under demonstrasjonen i Oslo.

Oslo: Fleire kvinner har kontakta Dixi - ressurssenter mot voldtekt etter at Andrea Voll Voldum (21) delte valdtektshistoria. 

Ei av kvinnene som har opplevd noko av det same som Voldum, er bloggar June Holm, som delte si historie med tusenvis av demonstrantar utanfor Stortinget måndag.

– Eg ville ikke leve lenger. Lunta mi hadde brent ut. To valdtekter. Fire rettssakar. Ein henlagt og ein dømt til eitt år fengsel. Eg følte skam, at eg var verdilaus og møtte berre motgang av rettsystemet, sa Holm.

Les også: Tusenvis støtta opp om Andrea Voldum (21) i Oslo

Må aldri kjenna skuld

June Holm har slite med posttraumatisk stressliding og bulimi dei siste sju åra som følgje av valdtekt. Den første gongen vart saka henlagt, medan andre gongen måtte overgriparen betale erstatning og fekk fengsel i eitt år.

– Eg vakna medvitlaus medan samleiet skjedde. Sju år etter handlinga fann stad slit eg framleis. Mannen er fri, medan eg kjenner meg ikkje fri, sa Holm.

APPELL: Bloggar og føredragshaldar June Holm delte si valdtektshistorie under demonstrasjonen i Oslo.
APPELL: Bloggar og føredragshaldar June Holm delte si valdtektshistorie under demonstrasjonen i Oslo.

Les også: Ho har skapt enorm debatt med valdtektshistoria si

Ho stiller spørsmål om Noreg verkeleg er eit trygt land for kvinner.

– Ingen fortene å oppleva valdtekt. Med høgare strafferamme kan me unngå fleire valdtekter. Ein må aldri kjenna skuld eller vera redd for å dela dersom ein blir utsett for valdtekt, seier ho.

Enormt engasjement

Dagleg leiar for Dixi ressurssenter mot voldtekt, Rannveig Kvifte Andresen, fortel at ho frykta at færre ville melde frå om valdtekt etter Hemsedalsdommen, men at nettopp det motsatte har skjedd.

– No håpar eg at dette enorme engasjementet snur det heile og gjere at fleire melde frå. Berre i dag har me hatt fleire som har ringt oss og sagt at dei ønskjer å melde frå om saka si, seier Andresen.

Ja betyr ja, nei er nei, søvn betyr nei, medvitslaus betyr nei og sterk rus betyr nei. Andresen meiner det er overraskande mange menn som ikkje forstår dette.

– Me meiner at det å gi ei grunnleggjande opplæring til dei som skal dømme er naudsynt. Det å vera på ein stad det kanskje ikkje er lurt å vera og/eller å vere rusa er ikkje det sama som at ein skal bli offer for eit overgrep, seier ho.

Må veta om fordommane

Det er ein viktig diskusjon å ha om at fordommar er med på å påvrka avgjersle i rettsystemet.

– I tillegg må me vera klare på korleis lovverket skal tolkast. Det såg me i denne saka der fagdommarane hadde ei tolking og lekdommarane ei anna. Juryordninga skal no erstattast av ein meddommarrett. Då er det viktig for oss med ei grundig gjennomgang og drøfting.

I Hemsedalssaka såg ein til dømes at det var meddommarane som ville frifinne dei tre mennnene, medan fagdommarane og ein av meddommarane meinte dei var skuldige i å ha dopa ned og valdteke Voldum.

– Mange mistar tilliten til politiet og rettssystemet når dei ser alle sakene som blir henlagt. Mange får også beskjed om ein dei ikkje burde melda frå om valdtekt. Det kan me forstå. Då må me ta politiet på alvor når dei seier dei trenger meir resursar, seier Andresen.

Løysinga meiner ho kan vere å øyremerka midlar til nettopp overgrepssaker.

ENKELT: Ja er ja og alt anna er nei. Folk demonstrerte måndag med plakatar for rettstryggleiken til kvinner.
ENKELT: Ja er ja og alt anna er nei. Folk demonstrerte måndag med plakatar for rettstryggleiken til kvinner.

Menn og makt

Tida er overmoden for å retta søkjelyset mot valdtekt. Det meiner Tove Smaadahl som er dagleg leiar for Krisesentersekretariatet.

– Valdtekt dreiar seg om menn, makt og deira kvinnesyn. Det handlar om samfunnet sitt syn på kvinner og rettsapparatet sine haldningar til valdtektsoffer, seier Smaadahl.

 Sjølv i 2016 blir kvinner og jenter utsett for valdtekt kvar einaste dag.

– I det offentlege rom, i det private, på jobb, på fest, på hytteturar til og med på institusjonar. Mange kvinner blir møtt med skuldingar om å ha freista overgriparen og må forsvara sitt truverd, seier ho.

I ein rapport frå 2010 kjem det fram at kvinner som er utfordrande kledd, rusa og har hatt mange sexpartnarar har svært liten moglegheit for å få støtte frå rettsapparatet. Eit verdig offer derimot, har høg sosial status, er edru under overgrepet, ikkje altfor ung, ingen relasjon til overgripar samt få tidlegare seksualpartnarar.

– Derfor er det viktig at me jobbar med haldningar. 2016 må vera det året det alt snudde, seier Smaadahl.

Ei mannsdominert verd

Dagens yngste appellant var 16 år gamle Rozerin Algunerhan frå Ungkurd Norge.

– Eg skulle ønskja eg kunne sei at den jorda eg var fødd på, var ein trygg stad for alle. Ein stad der alle vart akseptert og respektert. Realiteten er diverre ikkje den same. Me lever i ei mannsdominert verd. Med ein mentalitet som er livsfarleg, sa Algunerhan.

Ho påpeikar i eit fredeleg land med eit fungerande rettsvern har me menneske som ikkje blir dømt for brot på menneskerettane.

– Seksuell trakassering er noko mange kvinner opplever i jobbkvardagen. Objektivisering av kvinner er noko ein ser overalt. Det er mykje som må gjerast, men me må starta ein stad, sa ho.

Til toppen