STORT ENGASJEMENT: Rundt 80 personar møtte opp for å høyra Jane Stedje tala si meining, som er mot eit helsehus. Foto: Egil Jørgen Lund.
STORT ENGASJEMENT: Rundt 80 personar møtte opp for å høyra Jane Stedje tala si meining, som er mot eit helsehus. Foto: Egil Jørgen Lund.

Demonstrerte mot helsehus: – No er det nok

Rundt 80 personar møtte opp ved rådhuset på Årdalstangen for å visa at dei er mot eit felles helsehus.

Bodskapen var klar og tydeleg frå dei omlag 80 menneska som møtte opp for å høyre Jane Stedje seia meininga si om samlokalisering av helsetenestene.

Hovudkvinna bak markeringa er mangeårig kommunestyrerepresentant for Arbeiderpartiet og hovudtillitsvald i Fagforbundet Jane Stedje.

Det heile tok til då ho søndag skreiv ein status på Facebook, der ho openhjartig fortel at ho som Arbeidarparti-medlem ser seg tvungen til å stemme annleis ved kommunevalet neste år.

I ettermiddag stilte ho opp framføre dei som hadde møtt opp og las innlegget sitt høgt, og ho hausta stor applaus. 

Artikkelen held fram under biletet.

KLAR TALE: Jane Stedje las opp Facebook-statusen sin og fekk applaus frå dei oppmøtte.
KLAR TALE: Jane Stedje las opp Facebook-statusen sin og fekk applaus frå dei oppmøtte.

– Dette er eit innlegg eg har tenkt på lenge. Som kommunestyremedlem har eg sett kor skeivt nokre nyttar seg av makta, og korleis dette fører til at me andre vert nikkedokker.

– Eg melde meg inn i Arbeiderpartiet i den tru at det var eit solidarisk parti, men då eg såg at dette ikkje var tilfelle melde eg meg faktisk ut att.

Les heile innlegget til Stedje her.

– Vert ikkje høyrd 

Mange engasjerte årdøler møtte i ettermiddag opp for å markere avstand frå måten Årdal no vert styrt på. Blant desse var Kari Hove Romøren (biletet), som fortvilar over at dette nok ei gong har vorte ei Øvre – Tangen sak. 

– Det er trist at dette har vorte ei sak om kven som skal få kva. Eg tykkjer det er trist at tilsette og dei som skal nytte seg av dette helsehuset ikkje vert høyrde, når det eigentleg er dei som burde hatt mest å seie.

Artikkelen held fram under biletet.

ÆRLEGE: Kari Hove Romøren held opp ein plakat der ho stiller spørsmål ved truverdigheita til politikarane.
ÆRLEGE: Kari Hove Romøren held opp ein plakat der ho stiller spørsmål ved truverdigheita til politikarane.

– Tangingar må vakne 

Etter fire år utan partitilhøyrsle melde Stedje seg inn att i partiet, då nye krefter var kome til og ho trudde alt skulle verte betre. 

– Nok ein gong såg eg at det i praksis kun var få menneske som styrde, og no meiner eg at me på Tangen lyt vakne. Ein skal ikkje tenke Øvre – Tangen, men dersom ein går attende i historia og ser, så har ikkje Øvre mista noko. 

Vidare i statusen sin set Stedje og spørjeteikn ved fleire avgjerder gjort av rådmann Frank Westad, og ho undrar seg over korleis Westad kan seie at han skal ta all ansvar for utbygging av helsehuset når han sluttar i stillinga som rådmann i Årdal kommune innan to månadar. 

– Eg meiner det er rådmann og ordførar som har spelt solospel, og eg kan ikkje seia anna enn at eg er skremd. Også eg kan ta ansvar for noko, men ein stor del av eit ansvar ligg òg i oppfølgjing. Det vert ikkje lett for ein som dreg frå bygda om to månadar.  

Stedje avslutta statusen på det sosiale mediet med ei oppmoding til bygdefolket om å møte opp framføre rådhuset tysdag ettermiddag for å markere at nok er nok. Statusen fekk stor oppslutnad.

– Eg hadde absolutt ikkje forventa at så mange skulle møte opp her i dag. Eg håpa på rundt ti menneske, så dette var overveldande og fantastisk. Målet var å nå ut til folket, og dersom eg har fått berre to menneske ut av sofakroken, så har eg gjort noko. Har eg fått ein eller fleire forbanna på meg, så har skapt engasjement, og då er eg nøgd.

Ufortent svarteper 

Leiar av Årdal Arbeidarparti, Morten Skarsbø, ynskjer ikkje å kommentere den politiske meininga til ein privatperson då det er eit fritt val, men seier til Porten.no at han tykkjer det er beklageleg at helsehussaka fører til partiet mister veljarar.

Skarsbø legg til at det også innanfor partiet er usemje om detaljar rundt helsehuset, sjølv om dei er samde om eitt legekontor. 

– Det seier seg sjølv at Arbeiderpartiet vert det partiet som lyt stå til ansvar for det som skjer, og dette har eg ei viss forståing for. Eg tykkjer likevel at det kan verte litt mykje til tider, og at me nokre gonger sit att med ein ufortent svarteper.

Ei avgjerande sak 

Skarsbø trur at helsehussaka vert avgjerande for veljarane med tanke på kommunevalet neste år. 

– Eg kan sjølvsagt seie at dette ikkje er ei avgjerande og viktig sak, men då lurer eg ingen. Eg er redd for at uansett kva som vert vedteke på torsdag så vil nokre vere misnøgde.

– Dette er ei sak der det ikkje er mogleg å finne ei løysing som gagnar alle, og som diverre gang på gang syner seg å vere ei Øvre-Tangen-sak.

Frank Westad ville ikkje kommentere saka til Porten.no.

 

Til toppen