HOVUDPERSONEN: Thomas Gullestad i rolla som Jan Baalsrud i "Den 12. mann". Alexander Einemo Zwart frå Lærdal spelar ein av dei andre heltane frå Shetlandsgjengen, Solund-væringen Sjur Olai Trovåg.
HOVUDPERSONEN: Thomas Gullestad i rolla som Jan Baalsrud i "Den 12. mann". Alexander Einemo Zwart frå Lærdal spelar ein av dei andre heltane frå Shetlandsgjengen, Solund-væringen Sjur Olai Trovåg. (Foto: Petter Skafle Henriksen / Nordisk Film / Zwart Arbeid)

Den 12. mann til topps blant julefilmane

Over 107.000 har gått på kino og sett «Den 12. mann» sidan premieren 1. juledag. 

 Oslo/Lærdal: Dette gir Harald Zwarts krigsfilm den beste opningshelga til ein norsk film i 2017, ifølgje pressemeldinga frå Nordisk Film Distribusjon.

– Filmen lever med tre generasjonar i salen, seier regissør Harald Zwart i ein kommentar. Han er svært glad for den varme mottakinga av nyinnspelinga av Jan Baalsruds dramatiske historie frå verkelegheita.

Med 107.138 besøkjande på dei tre første dagane på kino legg «Den 12. mann» seg også øvst på kinotoppen i jula, ifølgje Nordisk Film.

Les også: Dei kom til Lærdal kulturhus og heldt førpremiere på gamle trakter.

Harald Zwart valde å klippe om filmen etter tips frå publikum 

– Då vi testa filmen, viste det seg at overraskande mange unge menneske ikkje visste at Sverige var nøytralt under andre verdskrigen og ein stad ein kunne finne tryggleik. Då la me inn ein liten dialog mellom Jan Baalsrud og ei lita jente som passar perfekt, der ho spør han om kvifor han skal til Sverige, røpa regissøren.

På 2.-plass på topplista etter dei to første kinodagane i romjula ligg «Star Wars: The Last Jedi» med 26.862 besøk. Scifi-eventyret er til no sett av 341.656 nordmenn sidan premieren 13. desember og ligg an til å bli 2017s mest sette film, ifølgje Film & Kino.

Disney-eventyret om «Ferdinand» følgjer på 3.-plass med 26.415 besøkjande.

Til toppen