GJEV PÅSKEASSOSIASJONAR: Stine Sørum Haugen hjå Extra i Øvre Årdal tenkte at ein snøscooter blant påskesnopet vil føra tankane mot påskefjellet. I heile påska skal denne scooteren vera på Norsk folkehjelp si hytte på Jotnavåken på Tyinosen. Denne hytta er basen deira for påskeberedskapen.
GJEV PÅSKEASSOSIASJONAR: Stine Sørum Haugen hjå Extra i Øvre Årdal tenkte at ein snøscooter blant påskesnopet vil føra tankane mot påskefjellet. I heile påska skal denne scooteren vera på Norsk folkehjelp si hytte på Jotnavåken på Tyinosen. Denne hytta er basen deira for påskeberedskapen. (Foto: Synne Asheim Haga)

Den assisterande butikksjefen fekk ein heilt ny idé då ho skulle laga prosjektoppgåve

Ho høyrde med Norsk Folkehjelp om dei var interesserte i å stilla ut ein snøscooter på påskehylla.

Årdal: – På fagprøven min fekk eg i oppgåve å gjera butikken klar til påske. Eg ville finna på noko anna, og tenkte på kva som kunne vera eit fint blikkfang, seier Stine Sørum Haugen. 

Ho er assisterande butikksjef på Extra i Øvre Årdal, og har nyleg teke fagprøven. I samband med dette fekk ho i oppgåve å laga i stand temautstillinga no når butikken skulle koma påska i møte på eit mest mogleg appellerande vis. 

– Korleis har responsen frå kundane vore?

– Reaksjonane har vore positive, og både me i Extra og folkehjelpa har fått mykje respons. Det er ikkje kvar dag du ser ein stor snøscooter i ei daglegvareforretning, seier Haugen. 

Norsk Folkehjelp nøgde med stuntet

Norsk Folkehjelp i Årdal kom med scooteren på onsdag, og skal henta han att denne fredagen utpå kvelden.

– Dei tykte det var kult og såg i dette eit fint høve til å syna seg fram. Me har jo mange innom dørene våre gjennom eit par dagar, seier Haugen. 

Grunnen til at scooteren ikkje skal vera på utstilling meir enn tre dagar, er at folkehjelpa treng heile scooterflåten sin klar til dyst no i helga, i tilfelle eitkvart uhell skulle vera ute. 

– Det var eit fint lite blikkfang for oss dette, og so passar det tematisk. I samband med påska har me ekstra tryggingstiltak og er klare til å rykkja ut om det skulle oppstå situasjonar, seier Egil Bjarne Lingjerde i Norsk Folkehjelp Årdal. 

Han fortel vidare at dei brukar scooterane sine mykje om vinteren og at det er rift om dei, men at dei klarte å avstå ein scooter desse tre dagane. Likevel har dei hatt fleire scooterar tilgjengelege også medan denne eine har vore på butikken, og folkehjelpa er alltid klare til å rykkja ut dersom nokon kjem i naud i fjellet. 

Dette var noko nytt for sensorane, som tykte stuntet var svært kreativt

Når Stine Sørum Haugen no gjekk opp til eksamen i sin fagprøve, vart sensorane godt nøgde.

– Dei sa dei ikkje hadde sett noko liknande. Og dei kalla det for ein innertiar, fortel Haugen, som dermed bestod prøven med glans og fekk fagbrevet i butikkfaget. 

Eksaminatorane tykte ho hadde treft midt i blinken, ettersom scooteren gjev assosiasjonar til snø og påskefjellet når han står der midt blant kvikklunsj og påskeegg. 

– Det var litt artig å koma på noko heilt nytt, seier Stine Sørum Haugen.

Til toppen