ETTERLYSER KUNNSKAP: Stein Lier-Hansen, nyleg avtroppa styreleiar i NINA, åtvarer om å gå for fort fram med saneringa av villreinstammen i Nordfjella. Viss ikkje risikerer me å mista sjansen til å forska på skrantesjuka, meiner han.
ETTERLYSER KUNNSKAP: Stein Lier-Hansen, nyleg avtroppa styreleiar i NINA, åtvarer om å gå for fort fram med saneringa av villreinstammen i Nordfjella. Viss ikkje risikerer me å mista sjansen til å forska på skrantesjuka, meiner han. (Kristian Hansen/Norsk Industri)

Den avtroppa styreleiaren etterlyser meir forsking på skrantesjuka

– Me må ikkje rykka så fort fram at me mister sjansen til å forska, seier Stein-Lier Hansen.

Oslo/Lærdal: Veterinærinstituttet og Norsk institutt for naturforsking (NINA) har føreslått å setta i gang eit stort forskingsprosjekt for å finna ut meir om skrantesjuka. Ifølgje NRK har dei bedt om at det blir sett av 25 millionar i statsbudsjettet for 2019 til det.

Lier-Hansen var styreleiar i NINA då søknaden vart sendt, men har ikkje bidrege til innhaldet på noko vis. Likevel er han ein av dei som har teke sterkast til orde for at meir kunnskap er naudsynt:

– Me må få i gang forskingsprosjektet slik at me får utnytta den  alvorlege situasjonen me ha kome i til å få fram meir kompetanse. Me og resten av verda treng meir kunnskap om sjukdomen og me må ikkje rykka så fort fram at me mister sjansen til å forska, seier Lier-Hansen, som meiner at ein mindre del av stammen bør isolerast og brukast som forskingsobjekt.

Det siste blir ikkje støtta av dei to organisasjonane søknaden kjem frå. I ein e-post skriv Veterinærinstituttet at det ikkje er aktuelt å halda nokre dyr i live kun for forskingas skuld. Dette fordi det vil truga arbeidet dei no gjer for å bli kvitt sjukdomen og håpet om å kunne få friske villrein tilbake att i området i framtida.

Vart ikkje pressa ut av NINA

Før helga vart det kjent at Kari Øvrelid har teke over posisjonen hans i NINA. Det førte til spekulasjonar om at Lier-Hansen hadde blitt pressa ut, fordi han har ytra motførestillingar til saneringa.

– Eg slutta fordi perioden min var gått ut, så dei spekulasjonane har ikkje rot i røynda, seier Lier-Hansen.

– Eg òg skjønner alvoret i situasjonen. Difor er eg ikkje nødvendigvis motstandar til tiltaka som har blitt sette i gang. Men eg er oppteken av at me må sikra føresetnadane for god forsking, seier han.

Til toppen