PARINGSTID: I starten av året tek kattane til å pare seg, så tida er inne for å nytte tilbodet frå den frivillige organisasjonen Dyrevernlaget Indre Sogn i samarbeid med Veterinærvakta i Lærdal. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes
PARINGSTID: I starten av året tek kattane til å pare seg, så tida er inne for å nytte tilbodet frå den frivillige organisasjonen Dyrevernlaget Indre Sogn i samarbeid med Veterinærvakta i Lærdal. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes (Foto: Truls Grane Sylvarnes/Arkiv)

– Den beste gåva du kan gje katten din

I neste veke sponsar Dyrevernlaget Indre Sogn avslag på sterilisering og kastrering av katt, om du samstundes merkar katten med microchip. 

– Det er viktig å sterilisere/ kastrere kattane sine i tillegg til å nytte microchip, for redusere talet på heimlause kattar. Difor gjennomførar me no denne kampanja. Det trur me på sikt vil løne seg. Det er unødvendig å setja fleire kattar til verda, då det er meir enn nok kattar utan hus, heim og hjarterom, seier Randi Aarethun. Ho er tett på problemet, som leiar av Dyrevernlaget Indre Sogn.

Lite inngrep - den beste gåva

HÅPAR FOLK NYTTAR HØVET: Randi Aarethun, leiar for Dyrevernlaget Indre Sogn.
Foto: Privat

– Når ein skaffar seg dyr, må ein veta at det kostar med både mat, medisin og oppfølging. Microchip er ein tryggleik for både eigar og katt, slik at me kan finne att eigaren. Mange gjev jo katten sin gåver, dette er nok den finaste gåva du kan gje, seier Aarethun. 

Microchipen er liten som hovudet på ein fyrstikk, som er enkel å setje inn. Både dyrlege, politi og mattilsynet har lesarar, som finn fram til eigaren. Aarethun fortel inngrepa er rein rutine for dyrlegane, katten kjem seg fort og at det ikkje er noko å kvi seg for. 

Kjenner høva

Aarethun har jobba med heimlause kattar i 25 år, og fortel at situasjonen er den same. Det er alt for mange heimlause kattar, som Dyrevernlaget Indre Sogn ikkje finn att eigaren til då dei manglar microchip. 

– Det er no på starten av året som dei tek til å pare seg, så tida er inne for å nytte tilbodet om sterilisering/kastrering og microchip. Me håpar no også å nå dei som har venta i mange år, seier ho. 

Ho vil også avlive myta om at katten må ha eit kull med kattungar før sterilisering. Du vil merke det på katten om den har løpetid, det skjer frå katten er kring 6 månader gamal. Då er det på tide å sterilisere eller kastrere katten. Har du ein katt på 8 år, er heller ikkje den for gamal. Ein katt kan blir opp mot 20 år, fortel Aarethun. 

– Ikkje ver redd for å ta kontakt om du har kattar som er redde eller skye. Me har fangstkasser for uhandterbare kattar, seier ho. 

Tilbodet gjeld for kommunane Årdal, Lærdal og Aurland, og er eit samarbeid mellom Dyrevernlaget Indre Sogn og Veterinærvakta i Lærdal. 

Til toppen