SAMVIRKE: Lærdal Grønt , som Harald Mundal har vore dagleg leiar for i snart fem år, er ei samanslutning av frukt- og grøntprodusentar i Lærdal. Mellom anna har samvirket ei felles emballasjeordning i denne hallen, og samvirket jobbar for at bøndene saman skal få so god pris som råd for produkta
SAMVIRKE: Lærdal Grønt , som Harald Mundal har vore dagleg leiar for i snart fem år, er ei samanslutning av frukt- og grøntprodusentar i Lærdal. Mellom anna har samvirket ei felles emballasjeordning i denne hallen, og samvirket jobbar for at bøndene saman skal få so god pris som råd for produkta (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

Den daglege leiaren i Lærdal Grønt takkar for seg etter snart fem år i stillinga

Samvirket har vore gjennom ei rivande utvikling i same perioden

Lærdal: Eg har sagt opp Lærdals mest spanande jobb. Eg måtte taka nokre rundar med meg sjølv. Det var med tungt hjarta eg gjorde det, seier den avtroppande daglege leiaren i Lærdal Grønt, Harald Blaaflat Mundal

Han fortel at det i lengda vart for strevsamt å kombinera stillinga med å gjera unna alt det som hans eigen fruktgard krev av han, især no når har han planta meir frukt enn nokon gong tidlegare

Lærdal Grønt er ei samanslutning av frukt- og grøntprodusentar i Lærdal, der Mundal sjølv altså er ein av produsentane. Han ser ikkje heilt bort ifrå at han kan bidra vidare i Lærdal Grønt eit bel, men då i ei mindre omfattande rolle: 

– Dersom den nye daglege leiaren ynskjer det, so kan eg vera med og supplera i ein periode frametter, seier Mundal. 

Den nye daglege leiaren

Det er førebels ikkje klart kven som vert den nye daglege leiaren. 

– Kven håpar du de får inn?

– Ein som kan taka Lærdal Grønt endå vidare. Og ein som har litt andre tankar enn det eg har hatt og som har litt annan kompetanse. 

Mundal seier det likevel ville vera ein føremon om vedkomande har bakgrunn frå jordbruket, men at det ikkje er ein føresetnad. 

– I stillinga må du uansett lena deg på andre folk, poengterer han.

Leiaren har ei koordinator-rolle og er eit organisatorisk bindeledd mellom bøndene, produsentane og kundane.  

– Vedkomande som får overtaka etter meg i denne stillinga er heldig. Det har vore utruleg moro desse fem åra og eg er sikker på at åra frametter òg vert spanande. 

Mundal synest at hans viktigaste bidrag til samvyrket desse fem åra har vore å få på plass strukturar for den veksten som har vore. 

Mellom anna har bringebær- og morelleproduksjonen i Lærdal sett eit markant oppsving dei seinare åra. 

Store planar 

No seier Mundal det gjeld å finna gode strukturar for å handtera veksten i produksjon som cooperativet har fått og sikra vidare vekst.

I fjor låg den samla omsetnaden for Lærdal Grønt på litt over 80 millionar kroner. Målet er å koma opp i ei omsetning på 100 millionar kroner innan 2020.  

Noko av det den nye leiaren òg kan få i fanget, er eit føreståande byggjeprosjekt. Det vert jobba med å flytte aktiviteten til Lærdal Grønt til eit nytt produksjonsanlegg, som i so fall skal byggjast i Håbakken. Men dette er ikkje slått fast enno.

– Her vil det verte mykje arbeid med å få til finansieringa og planleggjinga, seier Mundal.

Felleskjøpet-butikken til samvirket skal òg drivast vidare, der pionerprosjektet «Smak av Sogn» skal veksa vidara og vinna eit endå større ry.

I utlysinga til stillinga som ny dagleg leiar, skriv Lærdal Grønt at dei vil leggje vekt på «evne til sjølvstendig arbeid, stor arbeidskapasitet og erfaring frå sals- og utviklingsarbeid.»

 

 

 
Til toppen