TILBAKE: Terje Tokvam (t.h.) var med på å byggja vegen over Aurlandsfjellet medan Anders Aasen køyrde buss  frå starten av og i ei årrekkje. Torsdag var dei to av dei spesielt inviterte til å vera med på jubileumsturen som markerte at det er 50 år sidan vegen vart opna. Akkurat denne bussen, ein Volvo 1971-modell, køyrde Aasen mange gonger. Foto: Ole Ramshus Sælthun
TILBAKE: Terje Tokvam (t.h.) var med på å byggja vegen over Aurlandsfjellet medan Anders Aasen køyrde buss  frå starten av og i ei årrekkje. Torsdag var dei to av dei spesielt inviterte til å vera med på jubileumsturen som markerte at det er 50 år sidan vegen vart opna. Akkurat denne bussen, ein Volvo 1971-modell, køyrde Aasen mange gonger. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Den eine bygde vegen med spade og grafse, den andre køyrde buss frå starten av

- Me sopte i hop massar frå der dei fanst. Det var handarbeid, med unntak av bulldoser hadde me ikkje maskiner, fortel Terje Tokvam.

Aurland: På jubileumsturen over Aurlandsfjellet i samband med at vegen fyller femti år i 2017, var mange av dei som bygde vegen og brukte den frå starten av med.

Terje Tokvam var ein av dei. Han jobba med vegbygginga i to sesongar, og kunne torsdag oppleva vegen han var med og bygde frå ein 46 år gamal buss.

Les også: Saftige historier då jubileumsbussen kraup seg over Aurlandsfjellet

- Me brukte stort sett spade, spett og krafse. Lett arbeid var det ikkje, men me var unge i dei dagar, så då gjekk det greitt.

- Dårleg vêr og dårleg klede

Medan vegane i dag blir lagt på massar entreprenørane fraktar inn frå steinbrot, grusholer og etter tunnlbygging, er vegen over Aurlandsfjellet bygd på svært lokale massar før den til slutt vart grusa opp.

- Me sopte i hop massar frå der dei fanst. Så vegen er jo dårleg oppbygd, fortel Tokvam.

Det var stort sett aurlendingar som bygde vegen. I to arbeidslag jobba dei seg frå kvar sin kant; det ein frå aurlandssida, det andre frå lærdalssida.

Og dei var ikkje mange i kvart lag.

- Første sesongen eg var med budde me i Thy-hytta, den andre i ei brakke på fjellet. Me var fem mann i arbeidslaget, for fleire var det ikkje overnattingsplass til, fortel Tokvam.

- De hadde vel ein del vêr då de jobba med vegen, reknar eg med?

- Ja, det var det største problemet; dårleg vêr og dårleg klede.

Les historia om korleis vegen vart til her: 50 år sidan aurlendingane kunne køyre bil ut av kommunen

Turistar meinte bussen måtte snu: - Altfor dårleg veg

Barske arbeidsfolk fekk vegen klar, og etter ei "tjuvopning" i 1966, vart vegen opna offisielt i 1967. Bilar og bussar kunne koma seg frå Aurland til Lærdal, og vidare derifrå var moglegheitene fleire.

- Ja, det var veldig greitt å få veg ut av bygda, seier Anders Aasen.

Han køyrde rutebuss over fjellet frå første sesongen av. Og sjølv om vegen først og fremst var kjærkomen i Indre Sogn, var ikkje alle som køyrde den vande med slike temmeleg "spennande" fjellvegar.

- Eg hugsar ein av dei første somrane eg køyrde buss over at me møtte eit dansk ektepar midt oppå fjellet. Dei kom frå aurlandssida, eg med bussen frå Lærdal. Kona kom ut og stoppa oss; ho sa me ikkje måtte finna på å køyra buss ned til Aurland; det var livsfarleg så dårleg som denne vegen var, humrar Aasen.

Bakenden på bussane hang ut i lause lufta

- Var passasjerane du hadde med bekymra av og til?

- Ja, det skjedde nok. I dei krappe svingane hang bakenden på bussen ut i lause lufta, så det kunne nok bli vel spennande for ein del. Og då me fekk større bussar måtte me rygga i svingane for å koma rundt; spesielt i Erdal var det svært krappe svingar.

I 1974 opna også vegen Hol - Aurland så aurlendingane fekk to vegar ut av og inn til bygda. Denne vegen kom til som resultat av Oslo Lysverker (No E-CO Energi) bygde ut til kraftproduksjon i fjella mellom Hol og Aurland.

- Eg køyrde framleis mest ruta over Aurlandsfjellet, men så ein dag vart eg sett til å køyra til Hallingdal. Då eg sette meg i bussen og køyrde av garde sette eg automatisk kursen mot Aurlandsfjellet, og kom ikkje på at eg skulle til Hallingdal før eg var eit par kilometer på veg oppover fjellsida. Så då sa eg til passasjerane at dette var ein liten ekstrarunde for fotografering, humrar Aasen.

Til toppen