FLAGGERMUS-URIN: Urnes stavkyrkje er den einaste av stavkyrkjene i Noreg som står på verdsarvlista til Unesco. Men flaggermus-urin skapar problem for kyrkja.​ Foto: Flickr/Bosc d'Anjou. 
FLAGGERMUS-URIN: Urnes stavkyrkje er den einaste av stavkyrkjene i Noreg som står på verdsarvlista til Unesco. Men flaggermus-urin skapar problem for kyrkja.​ Foto: Flickr/Bosc d'Anjou. 

Den eldste stavkyrkja i landet skadd av urin

Urnes stavkyrkje er den einaste av stavkyrkjene i Noreg som står på verdsarvlista til Unesco. Men flaggermus-urin skapar problem for kyrkja.

Luster: Urnes stavkyrkje i Luster er frå 1100-talet. No har ein noko spesiell trugsel meldt seg: Urin frå flaggermusene som har budd i kyrkja.

– Det er viktig å ta vare på stavkyrkja. No prøvar vi å finne ei løysing som fungerer både for kyrkja og flaggermusene, fortel seniorrådgjevar hos Riksantikvaren, Kjersti Marie Ellewsen til Bergens Tidende.

Problemet er at urin frå flaggermus inneheld salt som fører til kjemisk nedbryting av det eldgamle treverket.

– Det er ganske vanleg med flaggermus i norske kyrkjer, men i Urnes er det litt spesielt. Dei har slått seg ned slik at urinen frå flaggermusene landar rett på det originale treverket frå 1100-talet, fortel Ellewsen. Når urinen frå flaggermusene tørkar, blir saltet om til krystallar. Dette legg seg i bjelkane og fører til at treverket utvidar seg.

– Det går sakte, men i verste fall kan stavane som held dei forskjellige delane av kyrkja saman, miste festet. Då kan kyrkja sige saman og bli skeiv. Om det skjer er det dyrt og omfattande å rette den opp igjen, fortel Ellewsen.

I andre bygg som får skader frå flaggermus, er det vanleg å skifte ut materialet som er skadd. Det er derimot ikkje eit alternativ i stavkyrkja. – Dei originale stavane er ein viktig del av kulturminnet, så det ønskjer vi ikkje.

Det er ikkje berre å flytte flaggermusene heller. Dei er freda, og skal ikkje bli forstyrra. No gjer Riksantikvaren tiltak for å hindre at flaggermusene skal skade kyrkja, og for at dyra skal få nye stader å busetje seg.

(©NPK)

Til toppen