MØTER OPP:  Han er eldst i turlaget. Her er han på den fyrste av to stølskveldar i vinter, då det vart halde føredrag om dei vel 100 stølane i ni dalføre i Årdal. Sjølv har han mange minner frå stølslivet i oppveksten.
MØTER OPP: Han er eldst i turlaget. Her er han på den fyrste av to stølskveldar i vinter, då det vart halde føredrag om dei vel 100 stølane i ni dalføre i Årdal. Sjølv har han mange minner frå stølslivet i oppveksten. (Foto: Snorre Sandemose)

Den eldste vandraren i gålaget hugsar framleis fløytekaka han fekk av budeiene

Olav Torleif Haug (89) frå Årdal mimrar om livet på garden og stølane før om åra.

Årdal: Han er ikkje berre den eldste i Årdal gålag, men òg ein av dei ivrigaste. Olav Torleif Haug møter opp på det meste dei arrangerer, ikkje berre turane.

På stølskveldane i vinter var det mest hugsen han fekk trimma. Etter føredraget mimra han om oppveksten på garden Haug i Fardalen og livet på stølen dei hadde på Botn.

– Eg sprang på ein halvtime oppi Botn når eg var gutunge. Eg var oppe til budeiene og fekk fløytekake, seier Haug og brest ut i ein god latter. 

Då mor kom inn til innselet i tolvte time

Berre to år gamal vart han med mora på stølen fyrste gongen. Ho kunne ikkje anna enn å ta han med, sjølv om det var nok av arbeid som skulle gjerast.

– Og so var det ut og mjølka, seier Haug.

Han hugsar ikkje dette sjølv, det er ei historie mora har fortalt.  

– Eg låg i senga då ho reiste ut og mjølka. Men so kleiv eg opp or senga. Og då ho kom inn att, då stod eg på bordet, fortel Haug.

Han hadde klara å klatra opp sjølv. 

– Og der stod eg. Ho kom i siste liten. Eg hadde slege meg i hel om eg hadde ramla. Eg var jo berre to år, og var ikkje begynt å gå veit du.

Dei hadde ein heis som gjekk frå garden til stølen

Dei hadde ein heis oppe på stølen til å frakta høy og anna. Det var ein dobbelheis. Ein gjekk ned, og ein opp. 

– Den var god å ha, og førte til at me «kløvja lite», seier Haug.

Å kløvja er å lasta ei todelt bør over ryggen på ein hest eller eit lastedyr. Men det hende dei på Haug-garden òg nytta hest til å frakta varer mellom garden og stølen. Men stort sett gjorde heisen jobben.   

– Me måtte stå oppe og slå med eit svært hjul, so snudde me hjulet rundt slik, seier han og viser med hendene.

– Når heisen var komen midt på, byrja han å dra av seg sjølv. Og då måtte me bremsa litt.

Han fortel at heisen var bygd av ein kar som budde i Seimsdalen, bestefaren til Jørgen Asperheim.

Hesjer av sprakestaur

Dei brukte å slå gras oppå stølen, der dei hadde ei svær inngjerding. Dette var på sommaren og utpå hausten, då dei var ferdige med onna nede.

Hesjene bygde dei av sprakestaur, eller pålar av eine.

– Spraken er so sterk veit du. Og etter kvart tok me høyet inn i ei løa. Ho reiste i vinden, ho, no for nokre år sidan, seier Haug og legg til at restane etter byggverket ligg der enno.

Han skryt av det gode graset dei hadde der oppe, og han kunne merka at sauene lika det godt.

Høyet vart liggjande i løa til tidleg om våren. Då drog dei det på ein kjelke ned til heisen, og fekk heisa det ned til garden. Det var hundre meter frå løa oppå stølen og ned til heisen.   

Han ynskte sterkt å fara langveges til støls 

Både i 1937 og i 1938 reiste far til Olav Haug til ein støl i Maradalen, sjølv om plassen ligg langt unna. Han hadde ein avtale om å driva der. Når far skulle avgarde sommaren 1938, ville Olav vera med. Det var ikkje lenge før han skulle feira tiårsdagen sin. Men han fekk ikkje lov.

Dei hine ville ikkje ha det ekstra bryet med ein gutunge når dei skulle så langt. 

– Eg gret då dei reiste veit du. Då var eg ni år. Det var ein lang veg dit, men eg visste at eg hadde klara å vera med, seier Haug og smiler, 80 år seinare.

Han fortel at han gjekk dit mange gonger sidan, til fots. Mange stølsturar har det òg blitt i fjella omkring Årdal. For elleve år sidan vart Årdal gålag skipa, og Haug er ein ivrig turgåar i gålaget.

– Eg håpar det vert ein fin vår og sommar med mykje fint turvêr, seier Haug, som fyller nitti år jonsokaftan. 

Til toppen