KLEDD TIL FEST: Marie Elisabeth Lindstrøm er trygg på at både hotellet og bygda vil tena på satsinga til hotellet. Ho er stolt over kva faren har fått til.
KLEDD TIL FEST: Marie Elisabeth Lindstrøm er trygg på at både hotellet og bygda vil tena på satsinga til hotellet. Ho er stolt over kva faren har fått til. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Den ferske salsdirektøren er stolt av satsinga til hotellpappaen

Torsdag feira hotellet i Sogndal at dei har dobla kapasiteten, og blitt størst i fylket. Stoltast av alle var dottera til direktøren.

Sogndal: Marie Elisabeth Lindstrøm er salsdirektør på Quality Hotel i Sogndal. Onsdag skraut ho av faren til ein fullsett konferansesal då ferdigstillinga av utbygginga vart markert med inviterte gjester.

Etterpå gjentok ho skryten til Porten.no.

– Eg er utruleg stolt. Eg kjenner at tårene presser på, seier Lindstrøm.

Sjå bildegalleri frå opninga nedst i saka.

Ho har følgt arbeidet til faren sidan ho var lita jente, og er imponert over kva han har fått til. Med den siste utvidinga er dei no det største hotellet i fylket.

– Du skulle liksom tru at med åra så roar ein seg litt ned. Han er motsett, han berre køyrer på. Det er nesten litt vanvittig, men eg har veldig trua på at det han gjer er riktig, seier ho.

– Det er ein stor dag i dag. Det ser ut som at folk har det kjekt. Ikkje noko varmar eit hotellhjarta som det, seier hotelldirektøren sjølv, Jørgen Christian Lindstrøm.

Imponerte gjester

Trine Lerum Hjellhaug var blant dei mange gjestene som var rause med godorda på opninga. 

– Det er så tøft at familien hans torer å gjera dette, det står det stor respekt av. At me no har eit topp moderne konferansehotell vil gje ringverknader i bygda, seier Lerum.

Ho var ikkje den einaste som let seg imponera.

– Det er rein galskap å løfta dette familiehotellet på den måten Jørgen Christian har gjort. Det er imponerande, og noko alle me her bør takka han for, seier Yngve Hallen.

– Det er ei kjempeflott satsing, som er utruleg viktig for heile regionen, ikkje berre Sogndal, seier Tor Arne Ness i Toyota Sogn.

Heller ikkje «konkurrenten» i Balestrand hadde noko vondt å seia om nytilskotet.

– For Sogn er dette kjempebra. Med ei så stor investering, så treng ein masse gjester. Når det er masse gjester i Sogndal, så er det masse gjester ellers i Sogn, så det er heilt perfekt, seier Sigurd Kvikne.

Ny kvardag for dei tilsette

Òg dei tilsette såg ut til å setta pris på oppgraderinga arbeidsplassen deira har fått. For dei fleste betyr det samstundes ein del nye utfordringar.

– Alt blir dobbelt så stort, seier kjøkkensjef Vidar Liljedahl, som saman med kollega Steffen Hovland fekk testa logistikken allereie på opningsdagen. Alle dei inviterte gjestene skulle nemleg få servert ein skikkeleg festmiddag.

Resepsjonist Ingrid Koren tykkjer det er inspirerande at eit hotell på bygda tør å satsa så stort.

– Eg er veldig glad for å vera ein del av det. Det er ein kjekk arbeidsplass, seier ho.

– Kor tøff er sjefen din som tør å bygga så stort?

– Han er knalltøff, men han klarer det, seier ho.

Langspurt for å bli ferdig

Dei siste vekene har entreprenørane jobba på spreng for å alt klart i tide. Sjølv på opningsdagen blanda lyden av høgfrekvente drillar seg med summinga frå gjestene som gjorde seg klare til banketten.

«Under ombygging. Ferdig kl. 18.59» stod det på skiltet møtte dei på veg inn salen med dei kvite dukane.

– Det har vore hektiske veker, men eg føler me er i mål no, og håpar folk får kost seg i kveld. Det er moro å få invitera så mange, seier Marie Elisabeth Lindstrøm.

Ho òg hadde merka seg at det ikkje berre var ho som let godt om faren denne torsdagskvelden.

– Han er ikkje så flink til å skryta av seg sjølv, men han får mange fine ord her i kveld, seier ho.

Hotelldirektøren sjølv tek skryten som ei stadfesting på at dei i det minste må ha gjort noko rett.

– Eg set stor pris på det, seier Lindstrøm.

IMPONERT: Yngve Hallen synst mange bør takka hotellet for den modige satsinga. (Foto: Halvor Farsund Storvik)
LURE ORDFØRARAR: Jarle Aarvoll hadde med seg noko innpakka under armen då han møtte til opninga torsdag. (Foto: Halvor Farsund Storvik)
NY FLØY: Slik ser det ut i korridorane på det nye tilbygget. (Foto: Halvor Farsund Storvik)
GULL: Ballongar pynta opp i det nye vrimleområdet i konferansedelen i førsteetasje. (Foto: Halvor Farsund Storvik)
TALANDE: Dette skiltet seier det meste om kor travelt det har vore inn mot opninga. (Foto: Halvor Farsund Storvik)
NY FASADE: Oppå parkeringskjellaren har det kome eit lite parkanlegg. (Foto: Halvor Farsund Storvik)
TOMMEL OPP: Barsjef Nuno Quintal ser ut til å trivast bak disken på nyrestaurerte Eppel bar & restaurant. (Foto: Halvor Farsund Storvik)
NY DRAKT: I tillegg til utbygginga har fleire av dei gamle delane av hotellet blitt opprusta. (Foto: Halvor Farsund Storvik)
BON APETITT: Restaurantsjef Dino Nobrega, og kjøkkensjefane Steffen Hovland og Vidar Liljedahl fekk ein travel dag då dei skulle servera alle gjestene på opninga. (Foto: Halvor Farsund Storvik)
STORAUGD: Arne Hjeltnes har tydelegvis sagt noko oppsiktsvekkande i samtale med hotelldirektør Sigurd Kvikne i Balestrand. (Foto: Halvor Farsund Storvik)
KJEKK DAG: Resepsjonist Ingrid Koren (i midten) tykkjer ho har ein tøff sjef som våger å satsa stort på bygda. (Foto: Halvor Farsund Storvik)
Til toppen