TIL MÅLROCK: Prepple Houmb og DumDum Boys returnerer til Målrock for andre gong etter sist dei spelte i 2010 og er første band klar for neste års Målrock. Foto: Målrock. 
TIL MÅLROCK: Prepple Houmb og DumDum Boys returnerer til Målrock for andre gong etter sist dei spelte i 2010 og er første band klar for neste års Målrock. Foto: Målrock. 

Den første Målrock-artisten er klar

Målrock-festivalen har ei flott førjulsgåve til musikkelskarar.

Årdal: For første gong i historia slepp dei nemleg ein artist før jul, og det er ikkje kven som helst det er snakk om. I august neste år kjem nemleg DumDum Boys til Årdal og Målrock.

Dette blir andre gongen bandet besøket festivalen etter å ha rocka så det ljoma i fjella i 2010. 

JOBBA LENGE: Katrine Clausen Fredheim fortel at dei allereie i sommar høyrte rykte om at DumDum Boys kom med nytt materiale og starta arbeidet med å hente dei til Målrock og Årdal.
JOBBA LENGE: Katrine Clausen Fredheim fortel at dei allereie i sommar høyrte rykte om at DumDum Boys kom med nytt materiale og starta arbeidet med å hente dei til Målrock og Årdal.

– Alt på seinsommaren og før festivalen tok til eksisterte det nokre rykter om at DumDum Boys var på veg med nytt materiale, og me byrja ganske kjapt etter årets festival å jobbe med å få bandet til festivalen i 2016, seier Målrock-sjef Katrine Clausen Fredheim.

DumDum Boys er eitt av Noregs mest kjende rockeband, og dei aller fleste kjenner nok til hitar som «Tyven, tyven» og «Splitter pine». I 2015 slapp dei to nye låtar.

– At me no kan offentleggjere at me har fått det til er ei stor glede, og dette blir ein av våre toppnamn for neste år. Det er òg veldig moro å offentleggjere første artist alt før jul. Me gler oss allereie til å jobbe oss inn mot ein ny fantastisk Målrock-festival i 2016, seier Fredheim.

– Parallelt med bookingarbeidet som no går føre seg for fullt jobbar me òg med eiga organisering og vidareutvikling av festivalen, slikt det berre er mogleg å ha tid til i løpet av vintermånadane, så me vonar me klarar å utvikle ein strålande Målrockfestival også i 2016, legg ho til.

Neste års Målrock skal gå føre seg helga 10.-13. august.

Til toppen