PRIVAT YRKESSKULE: Entreprenørforeningen Bygg og Anlegg (EBA) i Hordaland og Sogn og Fjordane, som står bak prosjektet, håpar at dørene kan opne neste haust. Foto: Arkiv.
PRIVAT YRKESSKULE: Entreprenørforeningen Bygg og Anlegg (EBA) i Hordaland og Sogn og Fjordane, som står bak prosjektet, håpar at dørene kan opne neste haust. Foto: Arkiv. (Foto: Arkiv)

Den første private yrkesskulen opnar 

Den første private yrkesskulen i landet opnar truleg i Bergen neste haust, melder NRK. 

Fylket: Kunnskapsdepartementet har godkjent at entreprenørbedrifter på Vestlandet kan starte ein yrkesfagleg friskule i Bergen, skriv NRK.

Skulen kan ha opptil 60 elevar på kvart av trinna VG1 bygg- og anleggsteknikk og VG2 byggteknikk, og den skal liggje sentralt i Bergen. Entreprenørforeningen Bygg og Anlegg (EBA) i Hordaland og Sogn og Fjordane, som står bak prosjektet, håpar at dørene kan opne neste haust.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) meiner behovet for yrkesskular er stort. Dersom ikkje fleire vel yrkesfag – og fullfører – vil det ifølgje han mangle 90.000 fagarbeidarar i 2030. Han meiner det vil dukke opp fleire private yrkesskular framover.

– Det er fordi behovet er så stort og vi ønskjer fleire friskular for yrkesfag som eit supplement til det offentlege tilbodet. Men det føreset sjølvsagt at vi ikkje går tilbake til den gamle lova som sa at slike skular var forbodne, seier Røe Isaksen til kanalen.

(©NPK)

Til toppen