PUKKELLAKS: Tysdag vart den første pukkellaksen teken i årdalsvassdraget. Fisken er svartelista i Noreg. Svein Jarle Moen (midten) i Årdal jeger- og fiskarforening ber fiskarar som får ein slik fisk om å melde frå.
PUKKELLAKS: Tysdag vart den første pukkellaksen teken i årdalsvassdraget. Fisken er svartelista i Noreg. Svein Jarle Moen (midten) i Årdal jeger- og fiskarforening ber fiskarar som får ein slik fisk om å melde frå. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

Den første pukkellaksen er tatt i Årdal

Den uønskte fisken er observert fleire stader i landet denne sommaren. Tysdag drog ein fiskar i Årdal ein pukkellaks på land.

Årdal: Dette er første gongen nokonsinne at det vert teken pukkellaks i eit vassdrag i Årdal. Tidlegare i sommar skreiv Porten.no om pukkellaksen som dukka opp i fleire vassdrag i Sogn.

Fangst av den uønskte laksen skjer kvart år i Noreg, men mest i Finnmark nær grensa til Russland. Tal som i år har forskarane derimot aldri sett maken til. Tysdag vart ein pukkellaks fanga i Årdalsvatnet, i munninga til Utla.

– Sannsynlegvis var fisken på vegg opp Utla. Dette er første gongen det vert teken pukkellaks i Årdal, seier Svein Jarle Moen, som er leiar i fiskeutvalet i Årdal jeger- og fiskerforening (ÅJFF).

Svartelista i Noreg

Fisken er vanleg i land som Canada og Russland, men er svartelista som framand art i Artsdatabanken i Noreg. 

Truleg vil ikkje pukkellaksen konkurrere med laks og aure om maten i elva, men det kan oppstå negative konsekvensar av at dei gyter i same område.

– Ofte er det vanskeleg å spå effektane av framande artar og det kan oppstå fleire uventa negative effektar, skriv Norsk institutt for naturforsking (NINA) på eigne nettsider.

Ber fiskarar melde frå

Pukkellaksen som vart teken i Årdal, ligg no i ein frys på klekkeriet på Hjelle. Moen oppmodar andre som skulle koma over ein pukkellaks om å ta skjelprøvar og senda inn til NINA. 

– Dette er ganske nytt for oss, men fangar ein pukkellaks, må ein slå fisken ihjel og levera han inn. Ein må også ta skjelprøvar bak ryggfinnen slik ein tek skjelprøvar på ein vanleg laks, seier han. 

Til toppen