SIGERSREKKE: Kaupanger slo Klepp 2 2-0 søndag. Dermed held den gode haustsesongen fram for grøntrøyene som ikkje har tapt sidan 21. mai. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SIGERSREKKE: Kaupanger slo Klepp 2 2-0 søndag. Dermed held den gode haustsesongen fram for grøntrøyene som ikkje har tapt sidan 21. mai. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Den gode haustsesongen held fram for Kaupanger

Damelaget til Kaupanger har ikkje tapt ein fotballkamp i 2. divisjon sidan 21. mai.

Kaupanger – Klepp 2 2-0

Kaupanger: Søndag kunne damelaget innkassere tre nye poeng då Klepp 2 vart slått 2-0 på Kaupanger stadion. 

Etter ein litt rotete første omgang, der heimelaget har ballen ein del, men skapar lite, byrja ting å løyse seg etter kvilen. Endringar i pausen og mykje tolmod gjorde at Kaupanger omsider fekk hol på byllen i det 79. speleminuttet.

Silje Torvanger sørgja for 1-0-scoringa, og like før full tid la Ylinn Tennebø på til 2-0, som vart sluttresultatet.

– Spelarane jobbar hardt og står på, og til slutt fekk dei løn for det, seier trenar Øystein Lindesteg Rinde.

Ikkje tapt på ni kampar

Ein siger her betyr at laget har fått ein perfekt start på haustsesongen med tre sigrar, og ein må heilt tilbake til 21. mai for å finne førre tap. Det er ni kampar sidan. Kaupanger ligg no på ein tredjeplass, berre fire poeng bak Sandviken 2, som dei tar imot neste helg.

– Det er lenge att, men me er der oppe. Det er viktig å ha heng på teten. Me har tatt inn veldig mange poeng på Hinna, som i vår var tolv poeng føre oss. No er det berre eitt poeng opp, seier Rinde om laget som no befinn seg på 2. plass.

J19-laget vidare i cupen

2-0-sigeren var toppen på kransekaka denne helga etter at J19-laget slo Molde 1-0 i cupen dagen før, men det er med ein bismak. Kaupanger har eit ekstremt ungt lag, noko som betyr at dei fleste spelarane var involvert i cupkampen laurdag før den viktige 2. divisjonskampen søndag.

– Cupen kan ikkje gå på bekostning av serien, så her må me finna gode løysingar. Det seier seg sjølv at det ikkje er bra å spela to kampar på to dagar. Det er reglar som seier dette er greitt sidan det eigentleg er snakk om to ulike aldersgrypper, men det hjelper ikkje når damelaget stort sett består av unge spelarar. Det er berre fire som er over junioralder, og me kan ikkje trylla.

God utvikling på Dvergedal

I åttedelsfinalen i cupen var det årdalsjenta Kristin Dvergedal som blei tunga på vektskåla i ein tett og jamn kamp mot Molde.

– Kristin er utruleg treningsvillig og ivrig. Ho har jobba knallhardt etter at ho kom til klubben. Det er ein stor overgang å gå frå jentefotball til 2. divisjon, så det er moro å sjå at ho lykkast og blir matchvinnar i ein så viktig kamp, seier Rinde.

Kaupanger J19 tok seg til semifinalen i cupen i fjor. No er det kvartfinalen neste.

Til toppen