SIGER: Sogndal sigra mot Haugesund på bortebane. Arkivfoto
SIGER: Sogndal sigra mot Haugesund på bortebane. Arkivfoto (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Den gode rekka held fram på Haugesunds bekostning

Sogndal kunne ta med seg tre poeng heim og held fram rekka med kampar utan tap. 

Haugesund - Sogndal 0-1

Sogndal: I Henrik Furebotns debut for sine nye, gamle klubb kunne han vere med å sikre tre nye poeng til Sogndal som dermed held fram den fantastiske rekka med kampar utan tap i Eliteserien.

Første omgang var prega av lite sjansar og hendingar.  Begge laga gjekk til pause utan mål. 

Etter 55 minutt kom kampens første og einaste mål. Rune Bolseth slo inn i boks, etter ein duell landar ballen i beina på Ole Amund Sveen, som scora sitt fjerde mål på fire kampar. 

Sogndalspelar Gilbert Koomson får gult kort etter 72 minutt. Dette er hans tredje gule kort for sesongen og han må derfor stå over neste kamp. 

Til toppen