meiningar
Foto: Privat.
meiningar

Den grøne kommunen behandlar innbyggjarane sine dårleg

MEINING: Vi skjemst over at Lærdal kommune kan behandla folk på denne måten! Det burde ikke vera godteke av bygda. Ein skal ikkje tillata slik framferd.

  • Endret

Omtrent midt i Lærdalsdalen med høge fjell og den flotte Lærdalselva, ligg Tønjum som eit knutepunkt mellom aust og vest. Her opnar det seg eit flott utsyn over dalen ned mot fjorden og sentrum. Lærdalstunnellen opnar seg ved ei lita grend og ein koseleg kafe “Håbakken”. 

Når folk køyrer mellom aust og vest og kanskje stoppar, er det på på Tønjum og Håbakken dei får fyrsteinntrykket av “Lærdal – den grønne kommunen” med gras og bær, fjell og elv. Men no har kommunen bestemt at akkurat her, i smørauget av jordbruksbygdi, skal det byggjast ein stor pelletsfabrikk og bosbrenneri for å ta imot søppel frå heile Sogn og Fjordane!

Arealet som kommunen vil ha til fabrikk er garden Lerøy, som har vore eit eige bruk sidan 1888. Her bur no mor vår på 76 år og syster vår på 54. 

Gjennom dei siste 30 åra har Aud rydda, grøfta og nydyrka jord her på Lerøy. Ho har drive garden med grønsaksproduksjon, poteter og gras. Ho har stelt istand uthus og bygd opp verdiar. Ho har dreve godt. Her har ho satsa alt, dette er hennar livsverk.

Huset til mor vår, der me har gode barndomsminne, er blitt restaurert og er ein kjær møteplass for familie og vener.

Men no er livet til mor og syster omsnudd på ein måte me aldri kunne trudd. Alt dei har investert av arbeidstid, krefter og pengar i Lerøy-garden, alt står på spel. Kvardagen deira er sterkt prega av usikkerheit, stress og vanskelege tankar. Ikkje får dei sova skikkeleg, ikkje smakar maten, ikkje kan dei gle seg til ein ny sommar og vekstsesong med liv i tunet. 

Me blir opprørte når me ser kor oversett, undervurdert, hjelpelaus og urettferdig behandla familien vår er! Kvifor? Jo, for om lag eitt år sidan fikk Aud beskjed av Lærdal kommune om at dei vurderte garden hennar som industriareal. Me kunne ikkje tru det var alvor, for det er fortsatt mykje ledig areal på Håbakken som ikkje er teke i bruk. Kvifor skulle ein då gå laus på ein gard i full drift? Kva med jordvern? Er det ikkje viktig og ta vare på dyrka mark?

Er det ikkje senterpartet som styrer Lærdal kommune?

Planane vert lagde utan at grunneigarar og naboar er informert. Aud høyrer ingenting meir før ho blir innkalla på møte hausten 2016. Der kjem beskjeden om at det no er avgjort: kommunen skal ha garden, for SIMAS vil ha pelletsfabrikk og bosbrenneri akkurat her - ingen annen stad. Kommunen vil ha hand om garden før jul 2016, og Aud treng ikkje førebu nokon ny vekstsesong på Lerøy. 

Aud og mor får også beskjed om at det kan bli so mykje støy og trafikk at dei heller ikkje kan bu i heimane sine. Dei bør samarbeide og heller sjå seg om etter ein ny plass å bu. Undervegs får dei lite eller ikkje nokon informasjon hjå Lærdal kommune. Den kom i etterkant av fellesmøte der avgjerder er tekne i lukka rom og bak dørar der berre nokre utvalde får vera med. Dei er avmektige og møtast med hemmeleghald, unnvikande svar og dårlege svar.

Det er ikkje berre vår mor og syster som mister heimen sin. Kva med naboene, som har restaurert både sitt eige hus og eit utleigehus? Dei veit no heller ingenting om framtida si. Skal alt berre bli rivd ut av hendene på dei?

Og kva med dei andre naboane i Håbakken når fabrikken er komen i drift? Det vert kanskje ikkje mogeleg for folk å bu her, eller drive gardane sine?

Vi skjemst over at Lærdal kommune kan behandla folk på denne måten! Det burde ikke vera godteke av bygda. Ein skal ikkje tillata slik framferd.

Det handlar ikkje berre om vår familie og naboane. SIMAS si etablering er eit stort inngrep som kjem til å setja spor og gjere skade på miljøet og naturen i Håbakken. Vegfarande til Sogn vil ikkje lenger møtast av ein grøn, frodig og frisk grend, men eit grått, trist og forureina industriareal. Mellom dei høge fjella og i den smale dalen vil nok både lyd og utslepp setja sitt preg på store deler av bygda. 

Lærdalselva, dronninga blant lakseelvar, renn rett forbi garden. No er ho blitt behandla for lakseparasitten Gyrodactylus salaris i åresvis. Alle håpar ho kan erklærast heilt frisk neste år. Korleis vil elva reagera på industriverksemd so tett innpå? Kva med følgjene om det skjer eit utslepp? Korleis vil laks og aure takla all støyen frå trailarar? Det har nok ingen svar på – før det er for seint! 

Totalt kan det bli meir enn 50 trailerlass om dagen med tømmer, pellets og søppel. Dette vil setja spor! Vi skjønner at kommunen vil ha nye arbeidsplasser, og det er bra for Lærdal. Men å plassera eit slikt industrianlegg midt i inngangsporten til bygda vil øydeleggja mykje, både for inntrykket til dei som passerer dagleg og ikke minst turistene! Her har vore satsa mykje på reiseliv i Sogn, har dei vore spurt om planane.

Dette innlegget er skrive av to systre som alltid har trivst i Lærdal og som no lir med syster og mor og naboar i Håbakken. Det er enno godt at vår far slapp å oppleva dette.

Toril og Eva Sjøvold

Til toppen