
Årdal: – Det vert knytt ei viss skam her i Årdal til å vera ein råv, seier turneringsleiar Kjell Øygard.
Ein av venene hans var so redd for å verta råv at han melde seg av turneringa i tolvte time.
– Om eg vert råv so kan eg like godt flytta frå bygdi, hadde han skjemta.
Øygard humrar og seier det var dårleg sportsånd. Ein annan kar i bygda tok sjansen på å ta over plassen hans i turneringa. Det var ein som eigentleg hadde tenkt å vera heime og sjå på lynsjakk den dagen.
Det finst fleire spel der hovudfokus snarare ligg på taparen enn på vinnaren, og at alt sviv omkring det å unngå å tapa.

Men noko som er spesielt med Årdalsråven, er at spelet gjerne faldar seg ut som ei heil turnering som kan gå over ein heil dag eller ei heil natt (eller lengre).
Turneringstaparen vert ein råv. Og det vil dei andre tidt minna han på fram til neste års turnering.
Kom heilt frå Stavanger for å arrangera og delta
Turneringsleiar Øygard har halde seg i Stavanger ein liten mannsalder, og har ikkje budd i Årdal sidan 1974.
Men han talar like fullt på krystallklårt årdalsmål. Og det er meir enn målet han har halde på: Han møter seks til sju andre årdøler i Stavanger med jamne mellomrom og slår eit slag råv.

– Blant venegjengen min, so begynte me å spela turneringar i 1988, men då var me tolv mann. Då spela me kring to bord, og på slutten av turneringa talde me i hop poenga og kåra ein råv.
Dei har lange tradisjonar med ein vandrande råv, altso ein utstoppa rev som den som tapar må ha heime hjå seg på ein lett synleg plass for besøkjande.
Fyrst når ei ny turnering har vore heldt, får han som vart råv høve til å senda den vandrande råven frå seg, om han spelar korta sine betre.
– Ikkje lov å gøyma råven vekk
Det kan koma kontrollørar på umeldt besøk og kontrollera at årdalsråven, taparen altso, har råven utstilt i samsvar med kriteria.

For å unngå å sjølv verta råv, lyt ein vera ein slu rev. Ein må lura dei andre kring bordet til å gjera feil.
Men det er ikkje fiendskap mellom spelarane i turneringa.
– Det er i all vensemd me spelar og morar oss over han som vert råven. Dette er eit typisk spel for familie, vener og veninner, seier turneringsleiaren.
Øygard legg til at det er mykje å hugsa på i spelet, so det er ei skikkeleg god konsentrasjonsøving å spela.
Spelet har lange tradisjonar i bygda
Det ser ikkje ut til at nokon veit eksakt kor gamalt spelet er eller kven som kom opp med det. Nokre av reglane i råven får spelet til å minna litt om amerikanar.

Somme meiner at det er meir av eit øvraspel enn noko anna, men då vart det teke til motmæle og sagt at far hans Kjell Audun Lægreid, som var frå Tangen, bruka å spela råv.
Det skal òg vera slik at visse grender i Øvre Årdal har hatt langt sterkare råvtradisjonar enn andre.
Odd Øren fortalde at far hans, som er åtti år, lærte spelet av sine besteforeldre. Fleire andre stemte i og sa at tradisjonane med spelet gjekk generasjonar tilbake i slekta.
– Eg lærte spelet av Oskar på Vee, og han var fødd i 1900, sa ein annan.

– Spelet har òg stått sterkt blant arbeidarane på verket i Årdal. Det var det folk gjorde på her når dei hadde festlege lag, seier turneringsmeister Øygard.
Tradisjonen er so sterk at eksilårdøler har teke med seg spelet ut or bygda, og ikkje berre til Stavanger. Også i Bergen har årdøler stundom samlast for å spela råven.
Og no skal det verta ein tradisjon at Årdalsråven skal spelast på Samhold i romjula. Til neste år skal dei samlast ein dag tidlegare, femte dag jul. Ikkje fleire enn seksti kan vera med. Det kan vera maks ti bord i ei slik turnering.