Vestland: Etter ein historisk vekst i arbeidsløysa dei siste vekene, ser kurva no ut til å flata ut, skriv NAV Vestland i ei pressemelding tysdag.
I Indre Sogn er arbeidsløysa på 8,8 prosent, eller 1239 personar. Det er 49 færre enn for to veker sidan. Likevel, før koronakrisa låg arbeidsløysa i dei seks kommunane på mellom 1 og 1,6 prosent. Nedst i saka kan du sjå ein tabell over utviklinga.
Aurland er framleis kommunen i fylket der det er høgast arbeidsløyse med 21,4 prosent. Her voks talet heilt ledige frå 184 til 211 dei siste to vekene. I dei andre kommunane i Indre Sogn er det ein svak nedgang.
Av dei over 33 000 heilt ledige i Vestland fylke, finn me flest innan reiseliv og transport (6103 personar), butikk- og salsarbeid (4976) og serviceyrke (4761), medan det er færrast ledige innan jordbruk, skogbruk og fiske (231), akademiske yrke (328) og blant meklarar og konsulentar (707).
Heilt ledige i Indre Sogn:
Kommune | Tal 07.04 | Tal 21.04 | Prosent 07.04 | Prosent 21.04 |
Aurland | 184 | 211 | 18,7 | 21,4 |
Sogndal | 572 | 534 | 8,8 | 8,2 |
Årdal | 192 | 191 | 7,2 | 7,1 |
Luster | 191 | 179 | 6,9 | 6,5 |
Lærdal | 79 | 59 | 6,9 | 5,1 |
Vik | 70 | 65 | 5,1 | 4,7 |
Totalt/snitt | 1288 | 1239 | 8,9 | 8,8 |