TØFF AVDELING: Ifølgje bloggar og kjennar av lokalfotballen på Austlandet, Espen Bråthen, har Årdal havna i den klart tøffaste avdelinga på Austlandet. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
TØFF AVDELING: Ifølgje bloggar og kjennar av lokalfotballen på Austlandet, Espen Bråthen, har Årdal havna i den klart tøffaste avdelinga på Austlandet. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Den klart tøffaste avdelinga på Austlandet

Årdal Fotballklubb skal møte tøff motstand i kampen om å overleve 3. divisjon. 

Årdal: Årdal Fotballklubb møter heilt ny motstand i årets sesong når dei no skal reise austover i staden for mot Bergen og Møre og Romsdal.

Det blir heller ingen lokaloppgjer, kanskje med unntak av «naboar» Valdres. Espen Bråthen følgjer lokalfotballen på Austlandet svært tett og driv bloggen Lokalfotballen. Den har han drive i over to år.

– Eg har alltid vore interessert i lokalfotball og er mykje ute og ser kampar. Eg har opplevd at folk har sagt til meg at dei ikkje har vore på kamp på ti år, men har byrja å gå på grunn av bloggen. Det er min visjon. I tillegg synest eg lagleiarar og spelarar og alle rundt fortener merksemda. Ein må hugse at dette er grasrota.

BLOGGAR: Espen Bråthen står bak bloggen Lokalfotballen og har god kjennskap til avdeling til Årdal.
BLOGGAR: Espen Bråthen står bak bloggen Lokalfotballen og har god kjennskap til avdeling til Årdal.

Tøffaste avdelinga

Han ser på avdelinga til Årdal som den klart tøffaste avdelinga på Austlandet.

– Det er fem-seks lag med målsetting om topp fire. Åtte av laga kom også blant topp fem i fjor, fortel han.

Bråthen trur lag som Skedsmo, Funnefoss/Vormsund (FUVO), LSK 2, Valdres og Flisa er favorittar, der førstnemnde vert tippa til å ta 1. plassen.

– Eg har Skedsmo øvst, deretter FUVO som har klar målsetting om vinne serien. Lillestrøm 2 har sagt at dei skal koma blant topp fire fordi dei vil ha 2. laget sitt i 3. divisjon. Valdres og Flisa har same målsetting. 

– Og så har ein lag som Hauerseter med Willy Zamble som er ein stjernespelar i 3. divisjon med 20 mål i fjor før han gjekk til Moss og kom tilbake. Didrik Mostu i Skedsmo er eit monster av ein spiss og altfor god for 3. divisjon, fortel Bråthen og anbefalar årdølene om å ta turen når Skedsmo besøker Årdal berre for å sjå han i aksjon. 

Nytt divisjonssystem vil prege

Endringar på divisjonsoppsettet vil også setja sitt preg på årets sesong. Berre topp fire i serien overlever 3. divisjon, og LSK 2 er garantert eit av laga som skal ha ein av desse plassane, men både Ullensaker/Kisa 2 og Kongsvinger 2 vil nok slite, trur Bråthen.

– Eliteserie- og 1. divisjonslag har berre lov til å ha med tre spelarar over 22 år. LSK har mykje bra. Dei vann NM i G16 i fjor og gjer det veldig bra i den nasjonale ligaen for junior. 

– Utfordringa er at sesongen kan vera ferdig allereie i mai og juni for mange fordi dei ikkje har meir å spele for. Det blir ein kjedeleg sesong for fleirtalet av laga i 3. divisjon, og ein får sjansen til å snu om på laga. Lat oss seie Skedsmo blir tidleg klare, så kan dei snu om og redde laget sitt i 4. divisjon. Eg meiner ein burde venta eit år med dette, men ein må berre oppfordre klubbane til å drive fair play, seier han.

Sjølv er han litt usikker på korleis Årdal vil klare seg. Romerike Blad har mellom anna tippa Årdal på ein 12. plass. Skiftarbeid, som kan bety svakare lag på bortebane, får mykje av skulda. NordicBet derimot tilbyr ein odds som tilseier 9. plass.

Til toppen