RADIKALISME: Filmen om Ubaydullah Hussain og den norske islamisten Thom Alexander Karlsen er no ute på skuleturnè.
RADIKALISME: Filmen om Ubaydullah Hussain og den norske islamisten Thom Alexander Karlsen er no ute på skuleturnè. (Bilde: Volt Film/Curry Film)

Den norske islamisten på turnè i Sogn

Vidaregåande skular i heile fylket skal vise dokumentaren «Den norske islamisten» til førsteklassingane til veka. I Sogndal får òg vaksne vera med på møtet med regissøren.

Sogn: «Den norske islamisten» handlar om Ubaydullah Hussain og Profetens Ummah. Filmen fekk mykje merksemd då Politiets sikkerheitsteneste (PST) beslagla råmaterialet til filmen i 2015.

–  Her får ungdomane innsikt i eit ekstremt miljø og dei får innsikt i farane som PST definerer som den største trusselen mot Noreg i dag, seier koordinator for Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane, Øyvind Høstaker i ei pressemelding.

Til Sogn kjem turnèen 7. november og skal vere innom Årdal, Sogndal og Balestrand (sjå nedst i saka). I Sogndal blir det òg ei eiga framsyning på kvelden for dei vaksne.

Regissør Adil Khan Farooq og formidlar Anders Fitje deltek på Sogn og Fjordane-turneen og skal ha samtalar med elevane etter filmvisningane.

– Det er veldig kjekt og nyttig å ha med dei som står bak filmen på turneen. Då kan ungdomane få svar på spørsmåla dei sit att med etter filmen. Det er kanskje særleg viktig med ein slik film, som stiller store spørsmål som kva det vil seie å vere innafor eller utanfor, kva er kollektiv og individuell kultur, og kva er skilnaden på islam og islamisme, seier Høstaker.

«Den norske islamisten»-turnè i Sogn

  • Årdal kino, Årdalstangen: 07.11
  • Sogndal kulturhus, Sogndal: 07.11
  • Sogndal kulturhus, Sogndal: 08.11
  • Friberg kino, Balestrand: 08.11
Til toppen