TAPAR TERRENG: Den norske kyrkja mister medlemmar kvart år. Her er Tonjum kyrkje i Lærdal. Foto: arkiv.
TAPAR TERRENG: Den norske kyrkja mister medlemmar kvart år. Her er Tonjum kyrkje i Lærdal. Foto: arkiv.

Den norske kyrkja taper terreng

I 2016 var det registrert rundt 3,8 millionar medlemmer i Den norske kyrkja. Dette er 41.000 færre enn året før og 90.000 færre enn for fire år sidan.

NPK-NTB: Fallet skjer samtidig som den norske befolkninga aukar med omkring 1 prosent årleg. Totalt er 71,5 prosent av befolkninga i Noreg medlem i Dnk. Dei siste fire åra har delen falle med 4,7 prosentpoeng.

Talet på på døypte og konfirmerte går også ned. 32.500 barn vart døypte og 37.400 15-åringar vart konfirmerte i Kyrkja i 2016.

Del døypte av del fødde er no nede på 55,3 prosent, ein nedgang på 8,4 prosentpoeng sidan 2012. Delen konfirmerte i kullet av 15-åringar er på 60 prosent. Her har fallet vore på 3,9 prosentpoeng dei siste fire åra, viser tal Statistisk sentralbyrå (SSB) la fram onsdag.

Også gudstenestedeltakinga fortset trenden nedover. I 2016 vart det registrert snautt 5,7 millionar deltakarar på gudstenester. Det er 330.000 færre enn for fire år sidan.

Men når det gjeld avslutninga av livet står Kyrkja framleis sterkt. I 2016 var delen kyrkjelege gravferder på 88,8 prosent. Tilsvarande tal for fire år sidan var 89,7 prosent.

Til toppen