STORE DIMENSJONAR: Hovudspennet er eitt av elementa til den nye Loftesnesbrui som no blir sveisa i Polen. I januar skal delane bli frakta på lekter over Skagerak og inn Sognefjorden. Foto: Statens vegvesen.

Den nye brua i Sogndal tek form – i Polen

Det er tre av dei, dei veg mellom 400 og 450 tonn kvar, og er snart klare til å bli frakta til Sogndal sjøvegen.

Sogndal: Byggjinga av dei enorme stålkonstruksjonane til den nye Loftesnesbrui starta opp i Polen før sommaren, samstundes som arbeidet med fundamentet til brua har pågått i Sogndal.

LEGO FOR VAKSNE: Her står sidekonstruksjonane ferdige til å bli frakta. På biletet nedst i saka kan du sjå korleis dei passar inn i den ferdige konstruksjonen.
LEGO FOR VAKSNE: Her står sidekonstruksjonane ferdige til å bli frakta. På biletet nedst i saka kan du sjå korleis dei passar inn i den ferdige konstruksjonen.

No er dei i ferd med å bli ferdigstilte.

– Dei skal bli heist med kraner over på ein lekter og bli slept oppover hit i midten av januar. Monteringa vil skje i månadskiftet januar og februar, seier prosjektleiar Gunnar Solbakken i Statens vegvesen.

Les også: Her blir den siste pålen for den nye brua slått ned

Det er store dimensjonar og tunge løft det er snakk om. Men Solbakken trur ikkje verken frakt eller montering vil by på særleg problem, særleg ikkje viss vêret spelar nokonlunde på lag.

– Firmaet som gjer jobben har kompetanse på dette her, så med god planlegging bør dette går greitt, seier Solbakken.

Etter planen skal brua opne for trafikk i november 2017. Heile prosjektet, inkludert riving av gamlebrua, skal vere ferdig til sommaren 2018.

FLOTT SYN: Omtrent slik vil det sjå ut når brua står heilt ferdig sommaren 2018. Illustrasjon: Statens vegvesen. 
FLOTT SYN: Omtrent slik vil det sjå ut når brua står heilt ferdig sommaren 2018. Illustrasjon: Statens vegvesen. 
Til toppen