HENG I EIN TYNN TRÅD: Statnett treng enno nokre månader før dei bestemmer seg, men den planlagde oppgraderinga av kraftlinja mellom Aurland og Sogndal kan bli skrinlagd. Foto: Statnett.
HENG I EIN TYNN TRÅD: Statnett treng enno nokre månader før dei bestemmer seg, men den planlagde oppgraderinga av kraftlinja mellom Aurland og Sogndal kan bli skrinlagd. Foto: Statnett. (Foto: Statnett)

Den nye fjordkryssinga heng i ein tynn tråd

Statnett har leika med kalkulatoren og resultatet kan bli at dei droppar oppgradert kraftlinje mellom Aurland og Sogndal.

Sogndal: Statnett har lenge hatt planar om å betre kapasiteten på kraftlinja mellom Aurland og Sogndal, men avgjerda har blitt utsett fleire gonger.

I TANKEBOKSEN: Tor Inge Akselsen i Statnett seier lønsemda i prosjektet har blitt mindre og nytten meir marginal, men at dei enno treng tid før dei konkluderer.
I TANKEBOKSEN: Tor Inge Akselsen i Statnett seier lønsemda i prosjektet har blitt mindre og nytten meir marginal, men at dei enno treng tid før dei konkluderer.

Til no har spaninga vore knytt til kvar Statnett vel å la linja krysse fjorden. Spesielt viktig har det vore for innbyggjarane i Fardal og Øvstedalen, som i dag har høgspentmastene tett innpå seg. 

No står planane i fare for å bli heilt skrinlagde.

– Det er tilhøve som har svekka den samfunnsøkonomiske lønsemda samanlikna med det vi såg tidlegare, seier direktør Tor Inge Akselsen i Statnett og listar dei opp i tre punkt:

Les også: Snart vil alle hus ha smarte straummålarar

Tre årsaker til at oppgraderinga står i fare:

  • For det første ser det ut til å bli bygd ut vesentleg mindre fornybar energi enn det Statnett opprinneleg la til grunn.
  • Det er forventa lågare kraftprisar i fleire år framover enn det prognosane tilsa.
  • Med meir moderne teknologi kan kraftnettet bli drive meir effektivt enn tidlegare.

– Det er dei to første punkta som slår sterkast ut, seier direktøren.

– Kor stor er sjansen for at de skrinlegg oppgraderinga av linja?

– Det kan eg ikkje seie noko om no, det er for tidleg.

– Linja er tett innpå husa

Ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal har hatt fleire møter med Statnett. Han håper til det siste at planane om å oppgradere linja ikkje blir droppa.

HÅPEFULL: Sogndalordførar Jarle Aarvoll håper høgspentlinjene i Fardal får ein ny plass å krysse fjorden.
HÅPEFULL: Sogndalordførar Jarle Aarvoll håper høgspentlinjene i Fardal får ein ny plass å krysse fjorden.

I så fall må innbyggjarane i dei to grendene forsone seg med å ha synet av kraftmaster utanfor stoveglaset enno nokre år.

– Linja er tett innpå husa slik som det er i dag. Så det ønskjer me ikkje, seier han.

Akselsen i Statnett seier dei tek sikte på å vere ferdige med talknusinga i løpet av nokre månader.

– Då vil vi avgjere om vi skal søke konsesjon og oppgradere linja, eller ikkje, seier han.

Til toppen