SKUMLE: Johanna (t.v) og Tuva er einige om at ein skal kle seg ut som noko skummelt på Halloween. Foto: Roald, Berit / NTB scanpix.
SKUMLE: Johanna (t.v) og Tuva er einige om at ein skal kle seg ut som noko skummelt på Halloween. Foto: Roald, Berit / NTB scanpix.

Den nye haustfesten

Halloween har på kort tid blitt ein av dei store festdagane i Noreg. For 500 år sidan hadde vi andre – og mange fleire – årvisse festar.

− I år skal veldig mange vera vampyrdronning! Eller prinsesse, fortel Johanna Holtvedt (10), i kjole og heksehatt i grøne og svarte nyansar. Ho og venninna Tuva Køste (9) er i full gang med å prøva halloweenkostyme heime hos Johanna. I skrivande stund er dagen halvanna veke unna, men forventningane byggjer seg opp fleire veker på førehand.

Sjølv skal jentene kle seg ut som høvesvis «død brud» og «død jente» i år, men Johanna hadde eigentleg andre planar:

− Eg hadde tenkt å vera klovn, men det kan eg liksom ikkje no, fortel ho. Jentene er einige om at ein alltid skal kle seg ut som noko skummelt på Halloween, men akkurat kvifor er ikkje så tydeleg.

− Kanskje fordi det er skrekkdagen? prøver Tuva seg med, og legg til: − Det har i alle fall noko med døde ting å gjera!

Artikkelen held fram under biletet.

NY TRADISJON: For 16 år sidan var det få som feira Halloween i Noreg, men i dag er grasskarlykter å sjå utanfor mange dørar den 31. oktober.
NY TRADISJON: For 16 år sidan var det få som feira Halloween i Noreg, men i dag er grasskarlykter å sjå utanfor mange dørar den 31. oktober.

− Halloween kjem ikkje frå Noreg i alle fall. Eller gjer det kanskje det? funderer Johanna. Venninna kastar seg på:

− Kjem det ikkje frå eit eller anna land? USA eller noko? Eg trur Halloween kom då foreldra våre var ungdommar, seier Tuva, litt usikkert.

Dyr folkefest

Det var få som feira Halloween i Noreg før rundt år 2000, då feiringa blei importert over Atlanterhavet. I USA er Halloween ein av dei største festdagane i landet, med røter både i den katolske allehelgenkvelden og ein eldre, keltisk fest kalla Samhain. Feiringa har sett i gang ein enorm industri for sal av kostyme, godteri og dekorasjonar, og i følgje TIME Magazine brukar amerikanarar til saman rundt syv milliardar dollar på Halloween.

Det er inga tvil om kva Johanna og Tuva synest er det beste med Halloween.

− Knask eller knep! utbryt dei i kor.

På rundt 15 år har Halloween blitt ein festdag som blir feira i heile Noreg. Kanskje har feiringa blitt ekstra populær fordi så mange av dei gamle merkedagane til nordmenn, og dermed mange årvisse festar, er forsvunne?

Artikkelen held fram under biletet.

PRØV DENNE: Det er mykje å velja mellom når Tuva (t.v) og Johanna skal finna halloweenkostyme.
PRØV DENNE: Det er mykje å velja mellom når Tuva (t.v) og Johanna skal finna halloweenkostyme.

Mange av dei norske merkedagane rauk formelt ut i 1771. Då kom festdagsreduksjonen, underskriven av den dansk-norske kong Christian VII, som fjerna ti heilagdagar med eit pennestrøk. Slik lyder dei første linjene i påbodet:

«Skiønt deres Anordning kan have havt et gudeligt Øiemerke, ere de dog mere blevne anvendte til Lediggang og Laster, end til sand Guds Dyrkelse; hvorfore det er bedre, at de efter andre Protestantiske Landes Exempel blive anvendte til Arbeide og nyttig Gierning.»

Primstav og helgenar

I mellomalderen var året til nordmenn fullpakka med merkedagar. Primstaven heldt styr på året heilt fram til 1700-talet. Primstaven var ein trestav med eitt hakk for kvar dag i året. Det var tett mellom merkedagane på primstaven, der ulike symbol markerte kva helgen eller martyr som skulle feirast, i tråd med den katolske kyrkjekalenderen. Dagane blei markerte med gudstenester. Dei viktigaste høgtidene hadde store feiringar knytt til seg, då hovudsakleg jul, St. Hans, vårfest og Mikkelsmess (haustfest).

Merkedagane fekk etter kvart fleire tydingar i folketradisjonen. Overtru, meir eller mindre pålitelege vêrteikn og faste gjeremål på gardane var gjerne festa til dagane.

− Dei færraste visste nok kven helgenen knytt til dagen var, fortel Ørnulf Hodne, forskar ved Universitetet i Oslo.

Avsagde geitehovud

At mange av merkedagane er gløymde i dag, betyr ikkje at det dei symboliserte, nødvendigvis er forsvunne. 28. desember er barnedagen i katolsk tradisjon. På denne dagen skulle barna ha det moro på kostnad av dei vaksne.

Artikkelen held fram under biletet.

KNASK ELLER KNEP: Å kle seg ut i skumle kostyme er ein del av halloweenfeiringa, og kan minna om den gamle norske julebukktradisjonen.
KNASK ELLER KNEP: Å kle seg ut i skumle kostyme er ein del av halloweenfeiringa, og kan minna om den gamle norske julebukktradisjonen.

− I dag finst ikkje barnedagen i Noreg lenger, men innhaldet er teke vare på i juletrefestane i vår tid. Dette er ei moderne vidareføring av bodskapet, meiner Ørnulf Hodne. Han dreg ein liknande parallell mellom Halloween og den norske julebukk-tradisjonen.

− Ein av dei gamle skikkane Halloween har opphav i, handla om å kle seg ut og skremma folk. Dette kan minna om julebukk, ein utgått tradisjon her i landet, der folk kledde seg ut med mellom anna avsagde geitehovud for å skremma andre, fortel han.

Nokre gamle merkedagar finst framleis, dei fleste er knytt til jul eller påske. Vi feirar dessutan Luciadagen 13. desember til minne om martyren Lucia, som døydde under kristendomsforfølgingane i Romarriket på 300-talet.

Heime hos Johanna er det ingen tvil om at den importerte festdagen Halloween har slege stort an.

− Men eg gler meg kanskje endå meir til jul. Eller? Johanna snur seg mot Tuva for å få hjelp.

− Ja, kanskje akkurat jul er betre, stemmer Tuva i. (©NPK)

Til toppen