SNIKRA I SOGNAL: – Enkelte har vore veldig redde for at «no vil alt bli bestemt i Bergen». Det er ikkje tilfelle, seier Jan Olav Fretland, som sjølv har hatt handa på rattet i utforminga av den nye lærarutdanninga som startar til hausten på Høgskulen på Vestlandet.
SNIKRA I SOGNAL: – Enkelte har vore veldig redde for at «no vil alt bli bestemt i Bergen». Det er ikkje tilfelle, seier Jan Olav Fretland, som sjølv har hatt handa på rattet i utforminga av den nye lærarutdanninga som startar til hausten på Høgskulen på Vestlandet. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Den nye lærarutdanninga har ikkje skremt studentane: Dette er nytt

– Det er interessant at søkartala ikkje gjekk ned, seier Jan Olav Fretland, mannen som er programansvarleg for nyvinninga på den nye vestlandshøgskulen.

Sogndal: For å bli lærar no, og det gjeld heile landet, må du ta ei femårig utdanning, mot fire tidlegare.

– På grunn av dei nasjonale endringane måtte me byrja allereie no, medan dei andre har eitt år til på seg på å sy ihop ei fellesutdanning. Så det har vore ganske stritt no i vår, seier Jan Olav Fretland, som har vore programansvarleg for den nye lærarutdanninga til Høgskulen på Vestlandet.

Altmogleglæraren på veg ut

Den største endringa for studentane, i tillegg til at utdanninga tek eit år ekstra, er at ho blir avslutta med ei masteroppgåve. Nytt er òg at studentane som tek master i Sogndal vil ha direkte tilgang til doktorgradsutdanning innafor Høgskulen på Vestlandet.

– Det er òg slik at du tek færre fag enn før. Slik har det forsovidt vore ei stund, men altmogleglæraren blir ikkje utdanna lengar. Krava til for eksempel å undervisa har blitt større, seier Fretland.

Det har vore ei viss uro for korleis omlegginga til ei femårig utdanning ville påverke søkartala. Frykta var fråfall blant dei som søker seg til lærar når dei ikkje heilt veit kva dei skal bli.

Fasiten er inne og viser at søkartala for lærarutdanningane på Vestlandet er bra. I Sogndal, som på Stord, er det relativt få som ønskjer å bli småskulelærarar, men tilsvarande fleire som ønskjer å undervise i 5. til 10. klasse:

Felles utdanning, lokalt særpreg

– Det er interessant at søkartala ikkje gjekk ned, for det har vore spekulasjonar om at alle kom til å reisa til Bergen etter fusjonen og at dei komande studentane er redde for masterutdanninga. Det er det ingen teikn som tyder på, seier Fretland.

At lærarutdanninga er felles for Høgskulen på Vestlandet betyr at emneplanar og studieplassar er dei same på dei tre studiestadane (og på nynorsk, noko målmannen Fretland er stolt over), men med lokale tilpassingar. Det siste er viktig å poengtere, meiner Fretland.

– Høgskulen i Sogn og Fjordane har vore kjend for tett på-prinsippet. Det er ikkje fleire studentar, i allefall på lærarutdanninga, enn at me kan vera tett på studentane, dei opplever at dei kjenner lærarane. Det er eit pre som er kjempeviktig å halda på, seier Fretland, som òg trekkjer fram dei tette banda til skulane og administrasjonen på fylket.

– Men det viktigaste er uansett å utdanna gode lærarar, som skjønnar korleis elevane har det.

Til toppen