TO ELDSJELER I SKILAGET, SIDE OM SIDE I AOSAHYTTA: Til høgre, nytiltrett leiar i skigruppa, Magne Knudsen. Til venstre, skitrenar i ÅTIL og skilaget sitt åsyn utåt dei siste åra, Even Gundersen Vee.
TO ELDSJELER I SKILAGET, SIDE OM SIDE I AOSAHYTTA: Til høgre, nytiltrett leiar i skigruppa, Magne Knudsen. Til venstre, skitrenar i ÅTIL og skilaget sitt åsyn utåt dei siste åra, Even Gundersen Vee. (Bilde: Snorre Sandemose)

Den nye leiaren i skilaget har mange visjonar for Seimsåsen

– Seimsåsen er ein fristad, seier Magne Knudsen, lensmannen i Årdal og nytiltrett leiar for skigruppa til ÅTIL (Årdalstangen Idrettslag).

Seimsdalen: – Skal eg lufta hovudet so går eg opp her sumar som vinter, seier lensmannen. 

Magne Knudsen kjem opphavleg frå Finnmark og er ein ivrig skigåar. Han er alt godt kjent som ei av eldsjelene til Årdalstangen Idrettslag (ÅTIL), der han vore leiar i heile elleve år. 

– Familien min kom til Årdal i 1994. Engasjementet mitt i idrettslaget starta etter eit foreldremøte den seinhausten. Alle me foreldre vart utfordra til å vere med og bidra i skigruppa for born.

Knudsen vart med til fulle og vart smått om senn valt inn som leiar for heile ÅTIL. No, fleire år etter at han takka av der, vert han altso leiar i skilaget til ÅTIL. 

– Eg gjer eit comeback i idrettslaget. Grunnen til at eg har sagt ja til å gå inn som leiar i skigruppa, er Even Gundersen Vee som sit her. Og so dei andre røynde folka i styret, som eg kjenner godt. Eg har sakna idrettslaget og det er kjekt å verta aktiv igjen, seier lensmannen.

Vee er ein av skitrenarane i ÅTIL og Knudsen seier han ikkje skal ta jobben frå trenarane, men bistå dei, avlasta dei og tilretteleggja for dei. 

Målsetjinga til Knudsen

– Eg ynskjer å leggja grunnlaget for meir sportsleg satsing og endå meir aktivitet i kommunane, seier Knudsen. 

Målet er å leggja til rette til for at fleire skiarrangement kan verte haldne og at desse arrangementa ikkje berre skal bringe øvre årdaler og tangingar saman, men at også lærdøler tek del i skifestane.

Saman med Egil Arne Svinø starta Knudsen prosjektet "Bar bakke" i 2004, i samarbeid med grunneigarane. Dette prosjektet gjekk ut på at skog vart hogd ned her og der, for å laga endå fleire turløyper og skitrasear enn dei som alt var laga på dugnad. 

Knudsen ynskjer å utvida dette prosjektet denne gongen òg. Han vil sjå langrenns-løypenettet verta auka ytterlegare og sjå alpintanlegget verta bygt ut. I tillegg ynskjer han å tilretteleggja for ein rulleskitrasé, som også vil gagna dei med handicap. Og han vil sjå til at den asfalterte traseen når heilt ned til vatnet, slik at dei med handicap enkelt kan fiska. 

– Ein ekstra bonus med å byggja slike rulleskiløyper, er at det ikkje krevst like mykje snø for å kunne gå på ski heller når ein har slikt underlag, seier Knudsen. 

Han seier at visjonane han har for Seimsdalen har kome til i samsvar med grunneigarane, som har vore positive og ikkje minst veldig rause.

Arbeidet med skilaget bringer folk saman

Knudsen ser for seg at det gode samarbeidet mellom Årdalstangen og Øvre Årdal skal halda fram vidare. Når det skal verta arrangert skiarrangement, so kjem det til å vera eit tett samarbeid mellom Åtil og Jotun, fortel han. Og han ynskjer å sjå aktivitet både i Fardal og ved Seimsåsen. 

– Det er alt skipa ein arrangementskomite som femner om båe skigruppene. I fjor samarbeidde dei to fint om å arrangere kretsmeisterskapen.

Det gjev Knudsen glede å engasjere seg i skilaget i godt sosialt lag. På toppen av alt dette, er det ein annan veldig fin ting med å vera engasjert: 

– Jobben min som politi vert lettare når eg er engasjert i samfunnet utanom tenesta mi. Eg skapar gode relasjonar til publikum slik og det er heilt klart kriminalitetsførebyggjande, seier lensmannen.

Til toppen